Rundtur på Skogsøyna

Fellestur

Dato
4. november kl. 10:30 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Fjell Turlag Seniorgruppa
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind.

Vi møtest på nedre parkering ved Fjell kyrkje kl. 10.30, og kjører derifrå til Skogsøyna. Her startar turstien rett før brua som går over til Herdleværet.

Vi følgjer stien som går på nordvestsida av øya ut til Skogsøytuva, ein svimlande topp på 49 moh. På tilbakevegen tek vi ei løype litt lenger aust, med noko meir skog og mindre klatring. så kjem vi inn på hovudløypa igjen som går tilbake til startpunktet.

Vi finn ein lun plass til nistepause, så hugs matpakke og drikke.

Det er ikkje så mange parkeringsplassar der stien startar, men vi må hugse på smittevernreglane når vi fyller opp bilane. Vi må og hugse på 1 meter avstand i løypa.

Turen tek ca 4 - 4,5 timar

Turleiarar: Sigrid Steffensen,  Tormund Wågø

Velkommen på tur! om du er medlem eller ikkje. Men som medlem støttar du Sotra Øygarden Turlag som er eit lokallag under Bergen og Hordaland Turlag. Di støtte hjelper oss til å halda aktivitetane i gang. Du kan lese meir om medlemskap og melde deg inn her:

Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag:

Rundtur på Skogsøyna

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind. ...

Kontaktinformasjon:

  • Tormund Wågø
  • Tlf. 95461175

Turledere:

  • Tormund Wågø
  • Sigrid Steffensen