Frå fjord til fonn med Barnas turlag

Fellestur

Fra dato
13. august 2020 kl. 10:00
Til dato
15. august 2020 kl. 17:00
Alternative datoer

12. til 14. august 2021
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Barn
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Barnas Turlag Kvinnherad , Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)
Dette arrangementet er over! Men fortvil ikke, arrangementet har alternative datoer som du kan delta på.

Har du drøymt om å koma nær ein isbre, ta på deg broddar og gå i taulag i blåisen? Sitja i den nyrenoverte storstova på Fonnabu og sjå sola gå ned i vest?

Ta med deg foreldre, kanskje besteforeldre  og søsken og ver med oss på tur til Fonnabu med 2 netters overnatting! 

 

Turen går frå parkeringsplassen på Bondhus, Sundal. Vi går på god grusveg, Isvegen, til vegdele 500 m før Bondhusvatnet. Herifrå på den restaurerte ridestien opp Hillerslia i 18 svingar til Gardshammarsetra, og vidare opp til bru ved Botnavatnet. Etter kvart på delvis bygd sti i ur og høgfjell til turisthytta Breidablikk, ubetent med fire senger. Ca 1 time gange herifrå til bresenteret Fonnabu, sjølvbetent med 27 senger. Dette er den mest nytta oppgangen til Folgefonna, med uvanleg stor opplevingsverdi "Frå fjord til fonn".

Vi lagar felles middag og har kvelden til fri disposisjon for leik og aktivitetar rundt Fonnabu.

Dag 2: Etter ein god felles frukost riggar vi oss med utstyr til å oppsøka blåisen v/vindhola.

Dag 3: Etter frukost og utvask av hytta, returnerer vi til Sundal langs same ruta som vi gjekk opp. 

Ta kontakt med turleiarar for spørsmål.

Frå fjord til fonn med Barnas turlag

Har du drøymt om å koma nær ein isbre, ta på deg broddar og gå i taulag i blåisen? Sitja i den nyrenoverte storstova på Fonnabu og sjå sola gå ned ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Siv Framnes
  • Anne Kari Walborg Enes