Samling for frivillige og turlagsvener

Arrangement

Dato
18. august kl. 18:00 - 20:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer for
Alle
Turtyper
Arrangement, Festival, Frivilligsamling, Friluftslivssamling, Sosialtsamver, Leirbål
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Nordhordland Turlag inviterer til ei triveleg samling utandørs på nydelege Skageneset!

Tirsdag 18. august kl. 18.00 - 20.00

Nordhordland Turlag samlar kvart år frivillige til godt lag. 2020 har vore spesielt for alle med Koronasituasjonen, men ein positiv konsekvens er interessen for friluftsliv og nærturar har auka mykje. Turlaget har fått nye medlemar, nye frivillige og nye turdeltakarar. Vi ønskjer derfor å invitere alle som er frivillige, engasjerte, interesserte eller berre nysjerrige på DNT og det lokale turlaget sitt til ei sosial samling, grillmat og turlagsprat. Kanskje du har turtips å dele - vi startar snart å planlegge neste års turprogram.

Alle som deltar må melde seg på her innan 16. august - både pga. smittesporing og matservering.

Skageneset er eit nedlagt småbruk med våningshus, uthus, grindabygg, naust og kai. Området vart sikra som offentleg friluftsområde i 1982.Tilkomst over land på sti langs Byrkjelandsvågen, eller på gamal gangveg frå Manger (omlag 45 min gangtid til Skageneset). 

  • Parkering ved Rådhuset i Manger, der det går sti vidare gjennom utmarka til Skageneset.
  • Hvis du ikkje har vore på Skageneset før, rår vi til å laste ned digitalt turkart som er utarbeid for området.
  • Husk at dere også kan komme sjøveien, i båt eller kajakk. 

Arrangementet er gratis!

Velkommen til godt selskap!

 

 

Samling for frivillige og turlagsvener

Nordhordland Turlag inviterer til ei triveleg samling utandørs på nydelege Skageneset! Tirsdag 18. august kl. 18.00 - 20.00 Nordhordland Turlag samlar kvart år frivillige til godt lag. 2020 har vore ...

Kontaktinformasjon: