Onsdagstur i Nordhordland, Konglevoll på Hundvin

Fellestur

Dato
23. september kl. 18:00 - 20:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Nærtur, Blikjenttur, Lokaltur
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Onsdagsturane held fram.

NB! Med påmelding (kan òg gjera det på SMS ved oppmøte).

Onsdagsturane held fram i Nordhordland. Saman med inspirerande turleiarar kan du få fine naturoppleveingar i nærområda våre.  I tillegg får du god trim, turtips og nye turvener. Vi har turar kvar onsdag kveld klokka 18.00 frå slutten av mars til oktober. Turane går i langsamt til moderat tempo.

Turskildring: 

Denne onsdagen går turen i området rundt Konglevoll på Hundvin.

Vi går frå ungdomshuset.

Det er litt asfalt i starten, men grusveg, traktorveg og sti det meste av vegen, Det kan vere vått i terrenget.

 

Rute

Turen  starter inn forbi butikken og eit stykke på den gamle postvegen. Så går vi ein runde i området på stier, i skog og på åser.

og tilbake til parkeringen ved ungdomshuset.

 

Ein forholdsvis enkel tur på 1.1/2 - 2 timer.

 

Turleiar/-ar:  Gunnar Almli

 

Oppmøtestad: Parkering ved Ungdomshuset Dalheim rett etter tunnelen ved Hundvin på veg nordover rv57

 

Parkering: Ved oppmøtestad.

 

Ta kontakt med turleiaren om du har spørsmål om tempo og vanskegrad

Ta gjerne med drikke og noko lett tursnacks.

Vi treng påmelding på desse turane no og 50 personar er maks grensa. Vi må overhalda avstand på 1 meter og god handhygiene både under transport og på tur. Turane er gratis. Vi oppmodar likevel til å støtta opp om dette gratis tilbodet gjennom eit medlemskap.  

Vilkår: Les generelle vilkår som gjeld for deltaking på alle turane til Nordhordland Turlag uavhengig om det er påmelding eller ikkje.

Onsdagstur i Nordhordland, Konglevoll på Hundvin

Onsdagsturane held fram. NB! Med påmelding (kan òg gjera det på SMS ved oppmøte). Onsdagsturane held fram i Nordhordland. Saman med inspirerande turleiarar kan du få fine naturoppleveingar i nærområda våre.  I tillegg får du god trim, turtips ...

Kontaktinformasjon: