Avlyst Skaganeset med Onsdagsgruppa

Fellestur

Dato
18. november kl. 10:30 - 14:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Fjell Turlag Seniorgruppa
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Avlyst p.g.a. smittevernhensyn.

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind.

Obs! I Kystpass 2020 står det at vi skal gå til Havutsikten frå Kårtveitpollen på denne dato. Den turen skal vi no gå 02.12. P.g.a. covid-19 er innandørs arrangementet "Avslutning av turåret" avlyst. Vi markerer litt ved BOF sin plass i Kårtveipollen etter turen 02.12.  Les meir om det på turen 02.12.

I dag 18.11. går turen til Skaganeset. 

Oppmøte på nedre parkering ved Fjell kyrkje kl. 10.30.

Vi kjører sørover til Storhaugen/Skaga der turen startar. Om ein tek passasjerar med i bilen frå Fjell hugs avstand også i bil, bruk gjerne munnbind når ein ikkje er i frå same husstand/ikkje dagleg ilag.

Til Storhaugen kan du koma ved å ta av frå Austre Sundvegen og følg Skogsvågvegen 900 m. Ta av til venstre og følg vegen til Storhaugen - 180 m.

Denne turen til Skaganeset har variert terreng med godt merka sti og kloppar over dei våtaste partia. Men det kan fortsatt vera vått ved mykje nedbør. Det er mange steinalderfunn i området, og deler av stien går langs Kvalvågen med rik kvalfangsthistorie.

På tavler langs med stien kan ein lese om buplass, fiskarbonden, Kvalvågen, kvalfangst og Skaganeset i steinalderen. Grunneigar Mikal Landro har sagt han vert med på turen. Han kan lokalhistorien og vil fortelja til oss.

Det er ein del sopp, og sers mykje blåbær i området, men sikkert ikkje i november på vår tur. Det kan vera ein fram og tilbaketur på same sti, men vi kan også velje delvis rundtur.

Normal gangtid 1,5 timar tur-retur. Med kjøring tur - retur, matpause og å lese på tavlene må vi rekne lenger tid. 

Ein fin tur med kulturelle opplysningar.

Ta med mat og drikke. Sko deg for våte, blaute parti i stien. Ved frost i bakken kan det bli glatt der det til vanleg er vått. Då er det greit å ha broddar med.

Dette er ein tur som er med i Kystpass 2020 så ta med Kystpasset om du vil klippe i det, eller bruk DNT SjekkUT appen.

 

Velkommen på tur!

Du er velkommen om du er medlem eller ikkje. Men som medlem støttar du Sotra Øygarden Turlag som er eit lokallag under Bergen og Hordaland Turlag. Di støtte hjelper oss til å halda aktivitetane i gang. Du kan lese meir om medlemskap og melde deg inn her:

Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag:

Skaganeset med Onsdagsgruppa

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind. ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Ove Foldnes
  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik