Anekletten på Toftøyna med Onsdagsgruppa

Fellestur

Dato
24. mars kl. 10:30 - 13:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind.

 

Oppmøte: Nedre parkering ved Fjell kyrkje kl. 10.30.

På Fjell samlar vi oss i eit mindre tal bilar for kjøring til Torsteinsvik, nord i Øygarden. Hugs avstand også i bilen, eventuelt bruk munnbind.

På austsida av bilvegen går vi ut i terrenget. Her er informasjonstavle om turen. Denne turen er ein del av Nordsjøløypa. Vi set kursen mot aust og så mot sør. Her kan vera vått i løypa, men flittige folk har lagt ut klopper/bruer på dei våtaste plassane. Etter ei stund går vi oppom  Anekletten. Det er eit fint og ope utsiktspunkt, ca. 60 meter over havet. Vidare sørover passerer vi torvmyrer og to restaurerte torvhus. Kanskje vi kan ta matpause ved eit av desse torvhusa.

Etter ei tids gange kjem vi til Breivika hyttefelt, der går vi over på grusveg og vidare tilbake til utgangspunktet og bilane på asfalt. Eller vi går tilbake same veg for å sleppa gå på asfalt.

Hugs ta med mat og drikke.

Velkommen på tur!

 

Generelle vilkår er som for Bergen og Hordaland Turlag. Les her:

Vi du bli medlem i Sotra Øygarden Turlag som er eit lokallag under Bergen og Hordaland Turlag? Du kan lese meir om medlemskap, og melde deg inn her:

Anekletten på Toftøyna med Onsdagsgruppa

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind. ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
  • Ove Foldnes