Seniortur - Sundeområdet

Fellestur

Dato
10. november kl. 10:00 - 13:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna, Sunnhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!


Frammøte og parkering på Bjelland, i enden av Vardhaugvegen.
(Køyr over brua på Sunde, fram og opp Bjellandsvegen, og ta fyrste veg til høgre, Vardhaugvegen).

Me startar turen ved Vardhaugen og går til den gamle husmannsplassen Hålo.
Deretter følgjer me stien rundt neset, til Storarøyso, gravrøys frå bronsealderen, til Åskesholmen, og vidare til den flotte badeplassen Krabbahopen, der det blir matpause før me går tilbake til Bjelland.

Turen blir avslutta med ein kort avstikkar opp på toppen av Vardhaugen, der det er flott utsikt over Sunde-bygda.

Etter turen blir det høve til omvising på Bergslagen, Sunde kyst- og litteratursenter, for dei som er interesserte. Der vil Kjell Magne Stråbø orientera om det som skjer der, og fortelja om Lars og Kara Tveit som saman med sønene sine dreiv båtbygging i Bergslagen. Då får vi greie på alt som er gjort, og det som er planlagt for å ta vare på skipsbyggingsmiljøet der.

Deler av vandreturen går på skogsveg, men mykje på stiar. "Turstiar på Sunde" har utført mykje bra arbeid i området, men det der likevel ein del blaute parti --> bruk gode sko !

Turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Frammøte:    På Bjelland kl. 10:00
  • Turkarakter:  BLÅ  - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Ivar Vaage og Tor Sandvik
  • Vandringa:
    • Distanse: 5 km
    • Høgdeskilnad: 50 meter
    • Tidsbruk: 3,5 timar

 

Seniortur - Sundeområdet

Frammøte og parkering på Bjelland, i enden av Vardhaugvegen. (Køyr over brua på Sunde, fram og opp Bjellandsvegen, og ta fyrste veg til høgre, Vardhaugvegen). Me startar turen ved Vardhaugen ...

Kontaktinformasjon:

  • Ivar Vaage
  • Tlf. 995 12 605

Turledere:

  • Ivar Vaage
  • Tor Sandvik