Pga. Covid 19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med namn og kontaktinformasjon i forkant av kvar tur. Det blir namneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m. avstand, personleg antibac og evt. munnbind.
Vi møtest på nedre parkering ved Fjell kyrkje kl 10.30, og kjører derifrå til ein parkeringsplass på Golta, der stien ut til Lutatangen startar. Vi følgjer stien ut til Sandvika, heilt vest på øya, her finn vi ein lun plass til nistepause.
Stien har ikkje mange høgdemeter, den har eitt litt bratt parti og enkelte myrområde, men er elles lett å gå. Etter nistepausen tek vi same vegen attende til parkeringsplassen.
Turleiarar: Sigrid Steffensen og Tormund Wågø (tlf. 95461175)
Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turleg:
Vil du bli medlem? Les om det her og meld deg inn:
Lunsjpause vest på Golta Foto: Tormund Wågø