OPPTUR - AVLYST: sjå informasjon om alternativ OPPTUR

Fellestur

Dato
8. september kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Ungdom, Funksjonshemmede
Turtyper
Fellestur, Fottur, Ungdom, Dntungbergen, Opptur
Arrangører
Bergen og Hordaland Turlag, DNT ung Bergen
Turkode
514
Dette arrangementet er over!

 

Informasjon om OPPTUR 2021: AVLYST/ALTERNATIV GJENNOMFØRING:

OPPTUR 21 vart som kjent flytta frå mai til september, med det håp om at corona-situasjonen skulle vere noko betre. Diverre, er det framleis mange smittetilfeller i Bergen, særleg blant unge i ungdomskulealder. 

I samråd med Bergen kommune har Bergen og Hordaland turlag kome fram til at årets OPPTUR gjennom byfjella, med start og mål i Marken ikkje vert noko av. Arrangementet samlar veldig mange ungdomar på same stad, og vil belaste kollektivtransport inn og ut av sentrum. 

Me tykkjer det er keisamt at me ikkje får sjå turglade ungdomar gjennom OPPTUR-løypa i år heller, men hugs at naturen er open! Difor oppmodar me alle klassar og skular til å gjennomføre sin eigen OPPTUR, i nærområdet sitt; byfjella har mange flotte turar og byr på fine turopplevingar. 

Ut.no er eit godt verktøy når ein skal ut på tur; her finn ein kart, oversikt over hytter og mange tusen turforslag! 

Sjå etter flotte turar i ditt nærområde her: 

https://ut.no/utforsker/her/60.392116/5.3309562/turforslag?type=fottur&durationHours=3;5 

Me er godt kjent i turområda kring Bergen, og hjelper gjerne til med å finne flotte turforslag. 

I tråd med DNT og DNT ung sin berekraftstrategi vil me frå no av avvikle OPPTUR t-skjorter og fokusere på ekte turglede!

KONKURRANSE! 

Skriv ein kort tur-rapport med bilete av klassen, me trekkjer ein heldig vinnar som får hytteovernatting med transport til klassen sin! 

Turrapporten kan innehalde: Namn på turen (kreativitet er eit pluss!), turrute, lengde på turen (kilometer eller timar), ei skildring og bilete frå turen.
Send turrapport til: rune.mo-bjorkelund@dnt.no innan 17. september  

Vonar at så mange som mogleg tek fatt på oppgåva med å lage sin eigen OPPTUR, og me gler oss til å lese kjekke turrapportar.
Ønskjer dykk alle saman god tur, og gler oss til våren og "vanleg" OPPTUR for 8.klassingar.

Mer info. Kontakt arrangementansvarlig for OPPTUR i Bergen: Bergen og Hordaland Turlag/ ved Rune Mo-Bjørkelund, tlf. 91 35 40 18

Kontaktinformasjon:

  • Bergen og Hordaland Turlag
  • Tlf. 55335810
  • E-post: bht@dnt.no