Risøyna med Tirsdagsgruppa

Fellestur

Dato
24. august kl. 10:30 - 13:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Båttur
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind.

Oppmøte på Glesvær kai kl. 10.30. 

For å koma til Risøyna må vi i båt. Ta med eigen redningsvest. Vi har med ekstra vestar for utlån.

Det vert ein rundtur på øya for å sjå oss om. Høgste topp er 46 m.o.h. I Kobbavågen er det fin badeplass med sandbotn. Vil du bade? Ta med badeklede. 

Vi har matpause der så ta med mat og drikke. Bruk gode sko sidan vi skal gå i terrenget. Kle deg etter slik veret er denne dagen. Dette vert ein fin tur både på sjø og på land.

Turen er rekna til å ta omlag 3 timar. 

Velkommen med på tur!

 

Alle bileta er frå tidlegare turar på Risøyna 

Vil du bli medlem i turlaget? Sjå her: 

Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag:

Risøyna med Tirsdagsgruppa

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind. ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Gudrun Johanne Kausland
  • Halvard Asbjørn Vorland