Bjødnanebbet og Grånipa

Fellestur

Dato
15. mai kl. 10:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Vaksdal
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Det karakteristiske Bjødnanebbet (700 moh) med utsikt rett ned på E16 vart ein attraksjon sommaren 2020. Viss du er ein av dei som gjerne vil besøket nebbet, men med trygg guiding, har du no høve til å vere med Vaksdal Turlag.

Turen startar på Tveitane på Vaksdal. Her er det god parkering ved gravplassen. Starten er bratt, men på god sti opp mot Såto (636 moh). Ein får fort løyst svetten, men så er utsikten også formidabel når ein har strevd seg opp! Frå Såto er stigninga noko slakare mot Bjødnanebbet. Her vert det ein god kvil med niste og obligatorisk fotografering på nebbet. Frå nebbet går vi vidare til Grånipo og nyt panorama i alle himmelretningar før vi legg turen om Tjødnahugen ned att til Vaksdal.

Turen går for det meste på god sti, men noko er også utanfor sti, så ein må ha gode og høvelege sko etter vêr og føre. Hugs byteklede og godt med mat og drikke i sekken. Totalt er turen på omlag 10 km og 700 høgdemeter. Ein treng ikkje vere i toppform, men i normalt god turform for å vere med.

Bjødnanebbet og Grånipa

Det karakteristiske Bjødnanebbet (700 moh) med utsikt rett ned på E16 vart ein attraksjon sommaren 2020. Viss du er ein av dei som gjerne vil besøket nebbet, men med trygg guiding, ...

Kontaktinformasjon:

  • Elizabeth Gjessing
  • Tlf. 97141631

Turleder:

  • Elizabeth Gjessing