Bildøybakken - Fjell festning

Fellestur

Dato
16. november kl. 10:30 - 14:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Oppmøte Hald stadion kl. 10.30.

Her er tenkt at vi kjører til Gjerdet kulturminnegard og parkerer nokre av bilane der. Vi samlar oss i så få bilar som mogeleg, og kjører til øvst i Bildebakken eller midt i Bildebakken ved Døsjeskiftet for parkering, og for start av å gå turen. Det spørs kvar det er best parkering.

Dette vert ein tur i Fjellparken. Her er fleire stiar som kan ta oss til Fjell festning.

Det vert ein tur med noko stigning i starten uansett kvar i Bildebakken ein startar. Derfor reknar vi denne som middels krevande tur.

I Fjellparken er det kystpasstur. Raud turkasse finn ein sør for Bildevatnet med bok og klippetang. Ein kan også bruka DNT SjekkUt appen for registrering av Kystpasstur.

Om ein vil ha med dette med kystpassturen kan ein f.eks. gå vidare sørover og på vestsida og langs Gyravatnet og så opp til porten ved Fjell festning. Om turen då fortset på grusveg er det ikkje langt til Russarstegen som tek ein ned til Gjerdet kulturminnegard der nokre av bilane står

Eit anna alternativ å gå til festningen på, er å gå over Vardafjellet. Då vert det utan klipp i Kystpass 2021. Turleiar vel dagens stiar, og turtid vert etter korleis turen går. Estimert tid er omlag 3-3,5 timar med matpause og transport.

Ta med mat og drikke. Sidan vi no er i november kan det vera frost og isete. Sko og kle deg etter korleis veret er denne dagen. Ha gjerne broddar med i sekken. Då er dei lett å ta fram om dei trengs. 

Velkommen på tur!

Vil du støtte turlaget med medlemskap? Les her om medlemskap, prisar og medlemsfordelar:

Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag:   

Smitteverninstruks for DNT her:

Bildøybakken - Fjell festning

Oppmøte Hald stadion kl. 10.30. Her er tenkt at vi kjører til Gjerdet kulturminnegard og parkerer nokre av bilane der. Vi samlar oss i så få bilar som mogeleg, og kjører til øvst ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Kåre Fjeld
  • Halvard Asbjørn Vorland