Kom deg ut-dagen i Bergsdalen

Arrangement

Dato
7. februar kl. 12:00 - 14:00
Passer for
Alle
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Søndag 7. februar inviterer Vaksdal Turlag til ein gratis, lågterskel friluftsdag i skileikeanlegget på Lid i Bergsdalen!

Kom deg ut-dagen er eit tradisjonsrikt arrangement i DNT og søndag 7. februar er det klart for vinterutgåva. Vaksdal Turlag skipar til arrangement for fjerde gong både på Lid i Bergsdalen og på Nesheim i Eksingedalen. På ein og samme dag vert det arrangert 175 arrangement over heile landet. Totalt er det venta 42 000 små og store deltakarar.

- Kom deg ut-dagen er ein introduksjonsdag til friluftslivet, og det krevst ingen forkunnskap for å vera med. Om du er van med å vera i naturen eller ikkje; me lagar til enkle og kjekke aktivitetar for alle. Alt er gratis, du treng berre å ta med deg varme klede og gode sko, seier leiar i Vaksdal Turlag, Arild Soltvedt.

Endeleg har det kome snø, så alt ligg til rette for ein flott utedag, om du vil gå på ski i dei nypreparerte løypene, ake i akebakkane eller berre nyte ei sosial stund. Det vert laga til ein rebus med spørsmål for både små og store.

Gilde sponsar alle med grillpølse, og Kiwi spanderer grillspyd. Vi oppmodar dei som ynskjer til å lage eigne bål å grille pølsene på, pga smittevern vert det ikkje felles grillar i år. Ta med ved!

Hjarteleg velkomne!

Kom deg ut-dagen i Bergsdalen

Søndag 7. februar inviterer Vaksdal Turlag til ein gratis, lågterskel friluftsdag i skileikeanlegget på Lid i Bergsdalen! Kom deg ut-dagen er eit tradisjonsrikt arrangement i DNT og søndag 7. februar er ...

Kontaktinformasjon:

  • Elizabeth Gjessing
  • Tlf. 97141631