Kajakk og fottur i Nærøyfjorden

Fellestur

Fra dato
6. august kl. 08:00
Til dato
8. august
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Aktivitet Fottur, Kajakk
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Fellestur , Kvam Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Kajakk og fottur i Nærøyfjorden, midt i verdsarven!
Me møter kvarandre i Gudvangen tidleg fredag ettermiddag. Det er ei oppleving å padla på Nærøyfjorden. Ein smal fjord med stupbratte fjell og flotte fossar. Me ser verdsarven frå fjorden!
Etter ei kort padleøkt går me i land på Bakka. Der håpar me på å få ei omvising i den vakre kvite kyrkja. Så et me litt før me padlar vidare.
Om me har god tid gjer me eit strandhogg på Styvi, kjent frå programmet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

I kveldinga dreg me opp kajakkane i Dyrdal, ei bygd med berre ein fastbuande. Dyrdal er kjent frå same fjernsynsprogram som Styvi.

Overnatting: Me overnattar begge nettene på den nedlagde skulen i bygda Dyrdal. 

Fredag kveld lagar me oss ein god middag. Kanskje me ruslar ein tur opp i det gamle rekketunet?
Laurdag morgon får me båtskyss til Bakka. Der blir me med på Verdsarvturen. Ein årleg fottur som går frå Bakka til Dyrdal. Turen er lang, om lag to mil og er på om lag 1300 høgdemeter.
Undervegs får me fleire stader eit fantastisk utsyn over Nærøyfjorden. I dag ser me verdsarven i fugleperspektiv!
Fotturen vert avslutta i Dyrdal. Etter ein lang tur smakar det med fellesmiddag. Me har høyrt rykte om hjortegryte.
Vel attende på skulen kan det henda nokre kjenner trong for å stupa uti sjøen. Det er i så fall vel fortent!

Søndag et me frukost og vasker ut etter oss. Så legg me ut på ein stille Nærøyfjord. På veg attende til Gudvangen kan me gong etter gong la åra kvila og løfta blikket opp mot fjella. Me ser opp på Breiskrednosi og andre fjell me var på i går. Det er ganske fint.

De kan lesa meir om Verdsarvturen på denne sida: www.verdsarvturen.no

Turleiarar:
Gunnlaug Vågen Tjelmeland tlf. 95 97 44 38
Sturla Helland tlf. 97 02 43 20
Kjell Inge Tufte Tyssen (Verdsarvturen) tlf. 95 06 67 89

Kajakk og fottur i Nærøyfjorden

Kajakk og fottur i Nærøyfjorden, midt i verdsarven! Me møter kvarandre i Gudvangen tidleg fredag ettermiddag. Det er ei oppleving å padla på Nærøyfjorden. Ein smal fjord med stupbratte fjell og ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Kjell Inge Tufte Tyssen
  • Gunnlaug Vågen Tjelmeland
  • Sturla Helland