Magiske Sogn 25–40 år

Fellestur

Fra dato
19. august kl. 08:45
Til dato
22. august
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Upsetefjellstove, Aurlandsfjorden, Flåm, Rallarvegen, Vestlandet, Grindaflethytta, Sognefjorden, Verdensarv, Upsete, Sogn, Nærøyfjorden
Arrangører
Bergen og Hordaland Turlag, Bergen , Fellestur
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Turkode
234
Dette arrangementet er over!

Mellom Gudvangen, Flåm og Raundalen finst eit skattkammer av eit fjellområde. Me går utanfor sti med sikt rett ned i Nærøyfjorden, bur to netter på den trivelege Grindaflethytta, besøkjer ei tradisjonsrik fjellstove ved Bergensbanen, har det sosialt og morosamt undervegs, og får ein sykkeltur ned Flåmsdalen som finale.

Oppmøtested: Bergen bussterminal, perrong O
Oppmøtetidspunkt: 08:45, Avreise med buss kl. 09:05. Eventuelt oppmøte på busstoppet Stalheim kryss kl. 11:21

Heimreise: frå Flåm sentrum søndag 22. august ca. kl. 19:00/ 19:30 Flere kollektive tilbud i ulike retninger. Til Bergen går det buss fra Flåm kl 19:22 i Bergen kl. 22:06. Østover går det forbindelser kl. 17.25 med tog, eller eventuelt nattog senere på kvelden. Det kan komme flere avganger, når det nærmer seg reisen. Disse opplysningene er basert på tilgjengelige rutetider 11. mai 2021. Bruk entur.no til å planlegge reisen. 

Dag 1, torsdag
Frå europavegen ved Fyre (ca. 300 moh) følgjer me Øvsthusdalen innover og oppover i terrenget. Ruta går litt på skogsveg, før den T-merka stien tek over. Stien går over Stangahøgdi (1226 moh), og herfrå er det lettgått når Skjerpisdalen/Fyresdalen opnar seg fram mot Grindaflethytta (1090 moh). Etappen er 15 km og tek ca. 5 ½ time. 

Dag 2, fredag
Ein lang rundtur frå hytta, med ein smakebit av Undredalshalvøya mellom Gudvangen og Flåm. Ruta følgjer T-merka løype nordover, med stigning over Skammadalhøgdi ca. 1520 moh. Derfrå via eit gammalt fangstanlegg og over til Fessene, og så utanfor sti resten av dagen. Først til den gamle stølsområdet i Nisedalen. Deretter opp i Systraskaret (1125 moh), med sikt rett ned i Nærøyfjorden. På veg tilbake går me «på kanten» over Nærøyfjorden og over Ramsøynuten (1541 moh). Etappen er 20 km og tek ca. 8-9 timar.  

Dag 3, laurdag
Frå Grindaflethytta går me til Upsete (870 moh), som ligg ved Bergensbanen heilt øvst i Raundalen. Terrenget er innbydande og stien lettgått, avstanden ca. 18 km. Alt etter vêr og form, lagar me kanskje ein avstikkar eller variant. Dagsetappen blir ca. 7 timar. Vel framme på Upsete fjellstove ventar badstove, heimelaga mat og oppreidde senger.

Dag 4, søndag
Frå Upsete går me til Myrdal til fots, anten via Ugjerdsdalen (ca. 9 km) eller via ruta som går mot Kaldavasshytta og kjem bratt ned i Myrdalen (ca. 10 km). Framme på Myrdal hentar me ut syklar og hjelm, og syklar Flåmsdalen, ca. 20 km, ned til Flåm sentrum. Undervegs stoppar me på eit stølsysteri, og finn kanskje ein plass å bada. Vel nede i Flåm blir det tid til middag før turen er omme.

Føresetnader: Du må ha erfaring frå lengre turar i fjellet i noko ulendt terreng og med oppakning (sekk ca. 8-10 kg). Du bør vera trygg på eigen form, og sko og utstyr må vera velprøvd.

Utstyr: Se utstyrsliste for sommerfjellet 

Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår

Pris: kr 3875,- for medlemmer, kr 4620,- for ikke-medlemmer. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap. Prisen inkluderer turledelse, sikkerhetsutstyr, overnatting og mat på Grindaflet og Upsete Fjellstove samt sykkelleie Myrdal til Flåm. Kollektiv transport kommer i tillegg og ordnes av hver enkelt deltaker. 

 Kart: Kart og turutstyr kan kjøpes i tursenteret i Marken. Rabatterte priser for medlemmer. 

Magiske Sogn 25–40 år

Mellom Gudvangen, Flåm og Raundalen finst eit skattkammer av eit fjellområde. Me går utanfor sti med sikt rett ned i Nærøyfjorden, bur to netter på den trivelege Grindaflethytta, besøkjer ei ...

Kontaktinformasjon:

  • Bergen og Hordaland Turlag
  • Tlf. 55335810
  • E-post: bht@dnt.no

Turledere:

  • Per Olav Opheimshaug
  • Erlend Baldersheim