Onsdagstur i Nordhordland, Husdalsfjellet

Fellestur

Dato
30. juni kl. 18:00 - 22:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Nærtur, Blikjenttur
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Onsdagsturane held fram.

NB! Med påmelding (kan òg gjera det på SMS ved oppmøte).

Onsdagsturane held fram i Nordhordland. Saman med inspirerande turleiarar kan du få fine naturoppleveingar i nærområda våre.  I tillegg får du god trim, turtips og nye turvener. Vi har turar kvar onsdag kveld klokka 18.00 frå slutten av mars til oktober. Turane går i langsamt til moderat tempo.

Turskildring: 

Turen går til Husdalsfjellet (søre varden, ikkje toppvarden), med flott utsikt mot Osterfjorden m.m.

Det vert delt opp i to grupper; middels trasé og ekstra krevande trasé.

 

Rute

Vi startar frå Moldvikavegen og går samla opp grusvegen til Husdalen, om lag 1,8 km og 0,5 time å gå.

I Husdalen delar vi opp gruppa:

Ei gruppe går opp trappene. Her er gamle steintrapper opp den bratte lia mot toppen. Denne stien er svært bratt og tung å gå. Vi kjem til å halda lågt tempo og ta pausar på strategiske plassar. Vi brukar nok ein time frå Husdalen til toppen.

Den andre gruppa følgjer skogsvegen rundt fjellet mot Moldvikadalen og går opp frå den sida. Det er bratte og litt utfordrande partier på denne ruta òg, men mykje lettare enn trappene.

Vi samlast på toppen og går ned att via skogsvegen. 

 

Turleiar/-ar: 

Trappene (ekstra krevande) Vegard Mogen, 40034348

Skogsvegen (middels) Jan-Otto Natland, 90584618

 

Oppmøtestad: Ostereidet senter.

 

Parkering: Dei fleste ved Ostereidet senter, resten i Moldvikavegen (ved grusvegen mot Husdalen).

 

Stigning: Ca.600 m

 

Distanse: 8 km (rundtur)

 

Varigheit: Ca. 3,5 - 4 timar 

 

Gradering av turen

Middels / ekstra krevande.

 

Ta kontakt med turleiaren om du har spørsmål om tempo og vanskegrad.

Ta gjerne med drikke og noko lett tursnacks. På denne turen trengs energipåfyll og vatn. Det er få plassar å fylla vatn undervegs.

Vi treng påmelding på desse turane no og 50 personar er maks grensa. Vi må overhalda avstand på 1 meter og god handhygiene både under transport og på tur. Turane er gratis. Vi oppmodar likevel til å støtta opp om dette gratis tilbodet gjennom eit medlemskap.  

Vilkår: Les generelle vilkår som gjeld for deltaking på alle turane til Nordhordland Turlag uavhengig om det er påmelding eller ikkje.

Onsdagstur i Nordhordland, Husdalsfjellet

Onsdagsturane held fram. NB! Med påmelding (kan òg gjera det på SMS ved oppmøte). Onsdagsturane held fram i Nordhordland. Saman med inspirerande turleiarar kan du få fine naturoppleveingar i nærområda våre.  I tillegg får du god trim, turtips ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Jan Otto Natland
  • Vegard Mogen