Stølstrimtur til Øvre Sveig

Fellestur

Dato
22. juli kl. 09:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Ulvikturlagstølstrim, Stølstrimmenulvik
Arrangører
Ulvik Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Øvre Sveig er ein av stølane på årets stølstrim i Ulvik.

Øvre Sveig ligg på rundt 700 m.o.h, rett under Sveigsfjellet, og nær Vetle Vassfjellet. Ein får flott utsyn mot Vassfjøro og Solsævatnet.

Oppmøte:

Parkeringen ved kyrkja i Ulvik. Her blir det namneopprop, før ein samkjøyrer til Solsæ. Samkøyringa vil vera etter gjeldande smittevernsinstruks, og ein nyttar munnbind om 1 meteren ikkje kan haldast.

Turen:

Turen startar ved stølen på Solsæ, som ligg på 390 m.o.h. Turen er omlag 2 km lang, og me kliv 310 høgdemeter. Turen er middels/krevjande då ein må krysse ei elv som kan vera vanskeleg om det er mykje vatn. Turen høver for seniorar/vaksne som ynskjer tur i sakte-tempo. Ein tar fleire pausa under vegs, og ei lenger rast på øvre Sveig.

Ta med:

- sko og klede etter vèret

- stavar om ein treng det

- tørre klede, særleg sokkar om ein må vasse/vada

- mat og drikke

- godt humør 

Påmelding:

Alle turar i Ulvik Turlag har påmelding, dette er for å sikre enkel smittesporing om det skulle bli aktuelt. Jmf. smitteverninsrtuksen til DNT.

Påmelding via sida her eller direkte til turleiar innan onsdag 21 juli.

Vel møtt!

Stølstrimtur til Øvre Sveig

Øvre Sveig er ein av stølane på årets stølstrim i Ulvik. Øvre Sveig ligg på rundt 700 m.o.h, rett under Sveigsfjellet, og nær Vetle Vassfjellet. Ein får flott utsyn mot ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Caroline Lehmann