Avlyst Lommelykt- / Reflekstur

Fellestur

Dato
11. november kl. 17:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Barn
Turtyper
Fellestur, Fottur, Refleksjakt, Nistetur, Familietur, Lommelykttur
Arrangører
Ulvik Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. For mange andre aktivitetar den aktuelle datoen.

Bli med på ein spanande kveldsmat-tur med lykt og refleks. Me brukar lyktene våre til å finna vegen, me speidar etter refleksar og endar opp ved dagsturhytta kor me ete kveldsmaten vår.

Oppmøte tid / stad:

Parkeringen i Holmen, kl. 17:30 

Påmelding:

Alle turar i turlaget har påmelding, dette er for å sikre eit minimum av deltakarar for å kunne gjennomføra.
Påmelding via lenkja eller til turleiar. OBS! Frist for påmelding på denne turen er TYSDAG 9 november.

Turen:

Me fyljer merkinga til dagsturhytta, de vil seia at me går den fyste biten på hovudvegen før me tar av inn på traktorvegen opp gjennom skogen. Her lyser me etter refleksar, og før me veit det er me kommen opp i skogsbilvegen. Me fyljer den fram til dagsturhytta, kor me ete nista vår og kosar oss før me går tilbake.

NB! Om det fortsatt foregår skogshogst, blir løypa lagt om eller turen flytta.

Alle må ha på refleks! 


Ta med:

- Mat og drikke
- Hovudlykt / lommelykt (turlaget har nokre til utlån)
- Klede etter været
Turen passar best for born frå ca.4 år.

Støtt Ulvik Turlag / Borna sitt Turlag Ulvik sine tur- og friluftslivtilbod gjennom medlemsskap: Medlemsskap for born (0 - 12 år) koster kun kr. 140,- for eit helt år. Ein kan også melde inn hele familien til en samlet pris på 1325,-. Les meir om medlemsskap i DNT/Bergen og Hordaland Turlag/Ulvik Turlag  her.

Ynskjer du å fylje med på kva som skjer i Borna sitt Turlag Ulvik? Lik oss gjerne på Facebook!

Vel møtt!

Lommelykt- / Reflekstur

Bli med på ein spanande kveldsmat-tur med lykt og refleks. Me brukar lyktene våre til å finna vegen, me speidar etter refleksar og endar opp ved dagsturhytta kor me ete ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Hilde Underdal