Avlyst Via ferrata -tur i Loen (16-22 år)

Fellestur

Fra dato
20. mai kl. 16:00
Til dato
22. mai kl. 22:50
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Ungdom
Turtyper
Fellestur, Fottur, Topptur, Grilling, Viaferrata, Klatretur, Turkatalog2022_Ungtur
Arrangører
DNT ung Bergen, Bergen og Hordaland Turlag , Loen skylift , Lo-Vik camping
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Turkode
513
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Ny turdato 3. - 6. juni:)

Bli med DNTung Bergen på årets kulaste høgdemeterhelg med alt ein kan ynskje seg! Himmelhøge fjellsider, panoramautsikt over Breheimen, utekos, hyttekos og knalltøff Via Ferrata i Loen!

Oppmøte: Bergen busstasjon kl 16.00, sjå infomail for vidare bussruteinformasjon. 

Litt om turen:

Fredag: Vi møtast på Bergen bystasjon klokka 16:00 og tek ein liten bli-kjent-runde før vi entrar bussen mot Loen 16:30. Alle må ha med seg ei god matpakke til bussturen, og kanskje nytte sjangsa til å sove litt, for når vi kjem fram 22:30 skal vi setje opp lavoleir på Lo-Vik-camping. Når telta er vel oppe kryp vi ned i soveposene og gjer oss klare for morgondagen.

Laurdag: Vi står opp tidleg, et frukost saman i morgonsola og gjer oss klare for dagens store eventyr!
Vi møter Guiden vår i Loen sentrum klokka 09:00 og gyver laus på ei av Noregs kulaste Via-Ferrata-ruter! Turen tek totalt litt over 5 timar, -etter ein time på skogsveg og bratt sti har vi innsteg Via Ferrata på 440 m.o.h, på 750 m.o.h. kryssar vi Europas lengste Via-Ferrata bru på 120m tvers over det 160m djupe jølet og på 920 m.o.h er det utgang Via Ferrata og vandring til fots opp til den spektakulære toppen Hoven på 1011 m.o.h. Den luftige vegen ned att til fjorden går via Loen Skylift. Vel nede returnerar vi det lånte utstyret og takkar for turen:)
Vel attende på campingen fyrar vi opp grillane og nyter grillmiddag og sumarstemning. Vi kryssar fingrane for finvêr og nyter den lange lyse kvelden med bading og aktiviteitar ute før vi atter kryper ned i soveposane for natta.

Sundag: Etter frukost pakkar vi saman teltleiren og gyv laus på dagens bratte sti opp dalsida, denne gongen mot Skålatårnet på 1843 m.o.h. Turen opp tek om lag 5 timar, og er vi heldige får vi klarvær og utsyn over Breheimen heile vegen opp! Vel framme på hytta nyter vi kvelden med hyttekos, god middag og masse sosial hygge til vi sovnar:)

Måndag: Turens siste dag skal vi nyte fjellmorgonen på nesten 2000 meters høgde. Vi smeller saman felles frukost og tek oss god tid etter gårdsdagens utfordringar. Så vaskar vi ut av hytta og vandar atter nedover mot Loen i dalbotnen. Bussen attende til Bergen plukkar oss opp 16:40 og er framme på bystasjonen 22:50. Her premierast vinnaren av helgas biletekonkurranse og vi takkar for denne gong.

OBS: Har du Via Ferrata-hanskar (eller tilsvarande) eller Via Ferrata sko må du gje beskjed! Dei som ikkje har kan leige i Loen. Ta med sovepose til natt 1, har du lakenpose til natt 2 kan du leggje att soveposen saman med lavvoane på campingen for å sleppe å bera han med deg. Hugs hovudlykt sjølv om kveldane er lyse og lange, vi kjem attende til korvidt vi tek med ski eller ikkje når det nærmar seg:)
 

Pakkeliste: Henviser elles til DNT si generelle pakkeliste for sumarturar

Vilkår: Ved påmelding gjelder generelle vilkår, dei les du her.

Pris: 1800 for medlem, 2540 for ikkje-medlem. Prisen inkluderer guida via ferratatur, overnatting og middag. Transport og øvrige måltider dekkes av den enkelte. Ønskjer du å bli medlem, få rabatterte prisar på turar, kurs og hytteovernattingar? Bli medlem her!

Spørsmål?
Ta kontakt på e-post: rune.mo-bjorkelund@dnt.no eller tlf: 55 30 48 52

Via ferrata -tur i Loen (16-22 år)

Bli med DNTung Bergen på årets kulaste høgdemeterhelg med alt ein kan ynskje seg! Himmelhøge fjellsider, panoramautsikt over Breheimen, utekos, hyttekos og knalltøff Via Ferrata i Loen! Oppmøte: Bergen busstasjon kl 16.00, ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Tilde Hoel Torkildsen
  • Hege Bækken