Dette er eit turopplegg som passar for alle. Det er tilrettelagt slik at personar med ulike funksjonshemmingar også kan vera med. Turane passar godt for barnefamiliar.
Her er aktivitetar i løypene og felles matstund inne ved Gapahuken ved Fet. Alle turane (utanom juni-turen) startar ved Svortland skule og går innover lysløypa, eller du kan velje refleksløypa. Turen varer ca. 1 time før matstund. Tur og mat er gratis! Ta gjerne nokon med deg. Velkomen skal de vere.
TURANE ER PÅ ONSDAGAR PÅ DESSE DATOANE:
Vår:
2. februar (i samarbeid med Helsefag 2.året, Bømlo Vid.skule)
6. april (i samarbeid med Bømlo Vaksenopplæring)
1. juni: Sommaravslutning, padling ved Erslandsvatnet (I samarbeid med speidarar/padlarar)
Haust:
7. september (Arbeidsgruppa)
2. november (I samarbeid med valfaggr. «Innsats for andre» ved Bremnes ungdomskule)
7. desember: Juleavslutning med graut (I samarbeid med ulike Kvinne-og familielag)
For spørsmål ring:
Nina Solland (nr. 957 63 940), Ingebjørg Dale Madsen (nr. 957 24 806), Anne-Beth Njærheim (tlf: 915 16 011) eller Sissel Johanne Vaage (nr. 993 25 028)