Seniortur - Bjørgjo, Halsnøy

Fellestur

Dato
9. mars kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna, Sunnhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!


Denne dagen skal vi gå til Bjørgjo på Halsnøy med startpunkt i Sjøvangen.
Etter parkering ved det gamle skulehuset og opprop, skal vi gå ca 2 kilometer på gamal skogsveg og sti inn til Bjørgjo. Stien har eit par korte kleiver å forsera, og det er nokre stader som vera blaute, bruk gode sko.
Bjørgjo ligg under bratte fjell omkransa av store, skogkledde utmarksvidder og med utsyn sørover Skåneviksfjorden, står det å lesa i Skåneviksoga. I tillegg kan det nemnast at det rundt husa er fine bakkar og nokre frukttre, nokså idyllisk.

Slik kjem du deg til Sjøvangen: Etter Halsnøytunnellen tek du til venstre i rundkøyringa på Tofte. I vegkryss 680 meter lenger framme, tek du til venstre retning Høylandsbygd. Etter knappe 3 km kjem du til vegkryss mot Sjøvangen, der svingar du opp til høgre. Du passerar Gravdalsvatnet, og 600 meter etterpå tek du til venstre i vegkryss mot Røo (ikkje ned til Sjøvangen)..

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Påmelding:   Via den raude knappen til høgre på denne sida
  • Frammøte:   Skulehuset, Røo, Sjøvangen, Halsnøy kl. 10:00
  • Turkarakter: BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:      Ingen 
  • Turleiarar:    Kjell Ivar Bjørgen og Helen Sandvik Røssland
  • Vandringa:
    • Distanse t/r: 4 km
    • Høgdeskilnad: 100 meter
    • Tidsbruk:  2,5 timar, pausar kjem i tillegg

Seniortur - Bjørgjo, Halsnøy

Denne dagen skal vi gå til Bjørgjo på Halsnøy med startpunkt i Sjøvangen. Etter parkering ved det gamle skulehuset og opprop, skal vi gå ca 2 kilometer på gamal skogsveg ...

Kontaktinformasjon:

  • Kjell Ivar Bjørgen
  • Tlf. 959 74 654

Turledere:

  • Kjell Ivar Bjørgen
  • Helen Sandvik Røssland