Turen går først på dårleg skogsveg og deretter på sti opp Olderbotn.
Det vert ein liten stopp ved Olderbotnhytta. Denne vart i 2004 restaurert av "Vardhaugselets venner".
Vi går på sti vidare derfrå, og ovanfor skoggrensa omlag der ein kryssar kraftlina, får området eit vidde-preg.
Turen frå parkeringslassen til Vardhaugselet (649 moh.) tek vel to timar i roleg gange.
Ved Vardhaugselet tek vi ein rast, og legg returen via Nordfjell (559 moh.) på sti og skogsveg ned att til parkeringsplassen. Dette vert såleis ein fin rundtur...
VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊