Seniortur - Reinsnos, Odda

Fellestur

Dato
24. august kl. 09:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna, Hardangervidda (se kart)

Seniortur til Reinsnos

Vi møtest i Rosendal klokka 0900 for samkøyring til Odda.

Fjellgardane i Reinsnos ligg knapt 700 meter over havet  ein knapp times biltur sørvest for tettstaden Odda, i utkanten av Hardangervidda.

Etter ei lita samling i Rosendal køyrer vi eigne bilar til Odda og parkerer der. Vi stig over i buss ca.kl. 1030. Denne tek oss oppover Oddadalen til Skare/Steinaberg der vi tek av frå riksveg 13 og køyrer søraustover bygdevegen mot Låtevatnet og vidare oppover i retning av Reinsnosvatnet. Noko av poenget med bussturen er at turleiarane vil fortelja om natur og historie i området mellom Odda sentrum og fjellgardane i Reinsnos. Naturen i Oddadalen er dramatisk, og området var for dryge hundre år sidan eitt av dei mest besøkte turistmåla i Noreg - og staden opplever framleis stor tilstrøyming av besøkande.

Sjølve fotturen går i ope fjellandskap og tek om lag halvannan time (kvar veg)  i lettgått  terreng, med ein kort stigning like nedanfor turmålet,  Nasastølen, ca.900 moh. med særmerkete stølsbygningar av stein. Bygningane vart for nokre år sidan sette i stand av ungdomslaget i Skare. Frå stølen er det fint utsyn mot ein annan støl, Setenuten, som ligg ved Svartavatnet på sørvestsida langs den gamle slepa (driftevegen) sørover mot Røldal,  Valldalen og Telemark, lokalt kalla Kongsbergvegen.

Turleiarane vil halda roleg tempo og ta mange pausar for å fortelja om liv og lagnad i Reinsnos. Også kvifor eitt av dei  4 - 5 bruka der ofte vert kalla Isdal, jfr. Halsnøy ...

Bussen returnerer frå Reinsnos ca. kl. 1530, og venteleg er vi tilbake i Odda sentrum innan kl. 1630. Vel møtte til tur!

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Påmelding:    Via den raude knappen til høgre på denne sida
  • Frammøte:    Parkeringsplassen ovanfor kaien i Rosendal kl. 09:00 
  • Turkarakter:  BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen, men deltakarane må dekka transport til/frå Odda
  • Turleiarar:     Hermund Fenne og Kåre Eik
  • Vandringa:
    • Distanse t/r: 6 km
    • Høgdeskilnad: 230 meter
    • Tidsbruk: 3 timar + pausar.

 

Seniortur - Reinsnos, Odda

Seniortur til Reinsnos Vi møtest i Rosendal klokka 0900 for samkøyring til Odda. Fjellgardane i Reinsnos ligg knapt 700 meter over havet  ein knapp times biltur sørvest for tettstaden Odda, ...

Kontaktinformasjon:

  • Hermund Fenne
  • Tlf. 917 03 488

Turledere:

  • Kåre Eik
  • Hermund Fenne