Seniortur - Klepp, Uskedalen

Fellestur

Dato
2. november kl. 09:30 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)


Frammøtestad: Idrettsplassen på Heio (Litt nedanfor Haugland på Døslandssida)

Ved idrettsplassen samordnar vi køyring til startpunktet for turen.
Vandringa startar ved skogsvegen som går opp lia mot Mannsvatnet. Første delen går på grusveg og deretter på sti til den nye gapahuken på Klepp. Her er det eit fint utsiktspunkt over Uskedalen.

Frå Klepp går turen over høgda og til heimstre enden av Mannsvatnet og vidare langs vatnet til hytta Fjelly. Det er våte parti langs vatnet, husk gode sko.
Frå Fjelly går vi over høgdedraget til skogsvegen og ned att på den.

Det er haust og då er veret usikkert. Difor kan det verta aktuelt med endringar den aktuelle turdagen (Varsling på SMS kvelden før).

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Påmelding:    Via den raude knappen til høgre på denne sida
  • Frammøte:    Idrettsplassen på Heio, Uskedelane kl. 09:30 
  • Turkarakter:  BLÅ / RAUD - Litt over middels tur
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Helga Fossheim og Steinar Kroka
  • Vandringa:
    • Distanse t/r: 11 km
    • Høgdeskilnad: 600 meter
    • Tidsbruk: 6 timar + pausar.

 

Seniortur - Klepp, Uskedalen

Frammøtestad: Idrettsplassen på Heio (Litt nedanfor Haugland på Døslandssida) Ved idrettsplassen samordnar vi køyring til startpunktet for turen. Vandringa startar ved skogsvegen som går opp lia mot Mannsvatnet. Første delen går ...

Kontaktinformasjon:

  • Steinar Kroka
  • Tlf. 957 68 180

Turledere:

  • Steinar Kroka
  • Helga Fossheim