Seniortur - Eikedalen, Uskedalen

Fellestur

Dato
16. november kl. 10:00 - 15:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)


Vi parkerar ved grana i Uskedalen sentrum og føl riksvegen til avkøyrsla til Eik. Der går vi oppover til vegdele og svingar inn på vegen som går innover forbi vassverket. Her er det skogsveg/traktorveg som seinare går over sti.

Eikedalen er eit idyllisk dalføre mellom Englafjell og Manen. Inne i dalen passerar vi Flåtene der dyktige dugnadsfolk har sett opp ein fin gapahuk. 
Det er veret på turdagen som er avgjerande for kor langt vi skal gå. Men er det lageleg, kan vi gå dalen til endes før vi tar matpausen.

På returen svingar vi til høgre ved Flåtene, derfrå vi tek ein annan sti ned til sentrum.

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Påmelding:    Via den raude knappen til høgre på denne sida
  • Frammøte:    Parkeringsplassen ved grana i Uskedalen sentrum kl. 10:00 
  • Turkarakter:  BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Jan Helge Opsanger og Arnt Orholm
  • Vandringa:
    • Distanse t/r: 10 km
    • Høgdeskilnad: 600 meter
    • Tidsbruk: 5 timar + pausar.

 

Seniortur - Eikedalen, Uskedalen

Vi parkerar ved grana i Uskedalen sentrum og føl riksvegen til avkøyrsla til Eik. Der går vi oppover til vegdele og svingar inn på vegen som går innover forbi vassverket. Her er det ...

Kontaktinformasjon:

  • Jan Helge Opsanger
  • Tlf. 995 74 139

Turledere:

  • Jan Helge Opsanger
  • Arnt Ludvik Orholm