Kom deg ut-dagen i Stuvikjo

Arrangement

Dato
4. september kl. 12:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Barn, Funksjonshemmede, Utviklingshemmede
Turtyper
Arrangement, Kom-Deg-Ut-Dagen, Komdegut
Arrangører
Barnas Turlag Stord-Fitjar, Bergen og Hordaland Turlag , Stord-Fitjar Turlag
Turområde
Sunnhordland (se kart)
Turkode
2022 BT

Søndag 4. september er det klart for Den Norske Turistforening sin nasjonale turdag.
Barnas Turlag Stord-Fitjar inviterer til ein nydeleg dag ute i Stuvikjo (gapahuken ved Ådlandsvatnet). Ta med familie og venner og bli med på ein dag i friluft med kjekke aktivitetar og godt selskap.

I løpet av føremiddagen vil de mellom anna få høve til å padle kano, delta i natursti, balansere på slakkline, teste hengekøyer i skogen eller spikke med kniv.

Det vert servering av pølser, saft og kaffi.

Det er mogleg å nytte tre vegar inn til gapahuken: Frå bedehuset/Møllebrua, Kattatveit og Vatna. Registrering og utdeling av turtipp i krysset Kattatveit/Ådlandsbrua og like før gapahuken når ein kjem frå Vatna. 

Bli med ut då vel!

Kom deg ut-dagen i Stuvikjo

Søndag 4. september er det klart for Den Norske Turistforening sin nasjonale turdag. Barnas Turlag Stord-Fitjar inviterer til ein nydeleg dag ute i Stuvikjo (gapahuken ved Ådlandsvatnet). Ta med familie og venner og bli med ...