Kurs i kart og kompass

Kurs

Dato
24. april kl. 10:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Dette arrangementet er over!

Har du lyst å lære deg, eller bli betre i, bruk av kart og kompass? Vaksdal turlag arrangerer kurs med både teoretisk og praktisk innføring.

Mål: Gje ei grunleggande innføring i bruk av kart og kompass. Kurset skal gje tilstrekkeleg kunnskap til turbruk i eigen regi eller til å kunne følgje med på kartet undervegs på fellesturar.

Målgruppe: ungdom og vaksne

Omfang: ca 6 timar. 3 timar teori og 3 timar praksis

Stad: Bergsdalen. Oppmøte på Bergsdalstunet.

Kurset startar med ei grundig innføring i kartet si utforming og korleis ein kan bruke kartet i turplanlegging. I den praktiske delen vil ein få øving i å bruke både kartet og kompasset når ein er i terrenget.

 

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Elizabeth Gjessing
  • Maren Amanda Hesjedal Thorkildsen