Fotturen startar frå Berge 266 moh. Tidlegare politikar og finansminister Gunnar Berge kjem herfrå.
Turen går på skogsveg ca 200 høgdemeter og vidare på god sti mot toppen på 675 moh med flott utsikt over Etnebygda, fjorden, og begge dalføra med Stordalsvatn 49 moh og Litledalsvatn 68 moh.
På toppen er det også utsikt mot Smørnut 725 moh og Løkjelsvatn 625 moh Dette vatnet er magasin for Sunnhordland Kraftlag sitt Hardeland Kraftverk på Hårland, kraftverket får også vatn frå Hjørnåsvatnet. Ved inste enden av Litledalsvatnet har SKL enno ein kraftstasjon, Litledalen Kraftverk, denne nyttar samme vatnet ein gong til.
(Det er bilveg til Hårland med god parkeringplass, eit fint utgangspunkt for tur til Løkjelsvatn og Hårlandsnipene.)
På toppen av Hodlestadnuten er det ein ein kort tur inn til ei varmehole som har oppstigande varm luft 7- 8 grader, uansett årstid.
Retur frå nuten går samme vegen, som vanleg tilrår vi bruk av gode sko på turen.
VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊