Seniortur - Hamlagrø-Vending-Breidablik-Fitjadalen

Fellestur

Fra dato
29. juni kl. 08:45
Til dato
1. juli kl. 18:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Seniorgruppa i Kvinnherad
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)


Seniorgruppa sin første hyttetur i 2022 går frå hytte til hytte i fjellet mellom Bergsdalen og Kvamskogen.

Dag 1
Transportetappe frå Kvinnherad til Fitjadalen som ligg ovanfor Øystese. Derfrå køyrer vi buss saman til sørvestre enden av Hamlagrøvatnet. 

Vandringa startar ved Hamlagrøosen 585 moh og går på merkt sti til hytta på VENDING 822 moh. Dette er ein tur som går i lett terreng, og det er vanleg å bruka mellom 2 og 3 timar.
På Vending lagar vi felles middag og overnattar til neste dag, hytta har køyplass til 30 personar.

Dag 2
Etter frukost og rydding/utvask skal vi gå vidare til neste hytte. Denne dagen er det nokre motbakkar, men vi skal ikkje opp meir enn 340 høgdemeter. Då kjem vi til hyttetunet på BREIDABLIK som ligg på 1162 moh. Der vert det også felles middag og overnatting.

Hyttetunet Breidablik ligg høgt over Fitjadalen i Kvam kommune, og er eit av dei mest eigenarta hytteanlegga i landet med ei fantastisk plassering og flott utsikt i alle retningar. Dette spektakulære hyttetunet i Kvammafjella vart gjennom over 40 år bygt av Bjarne Huse og kona Anne-Marit .
I 2014 vart tunet overteke av Bergen og Hordaland Turlag, og i 2019 opna Breidablik igjen med to nye bygg tilpassa turlagsbruk og fleire besøkjande.

Dag 3
Etter felles frukost, rydding og utvask, er vi klare for siste etappe til Fitjadalsvatnet.
Frå Breidablik føl vi t-merkt sti sørover på vestsida av Steinladetjørn, mot Vindskjersleitet på 1100 moh. Herfrå går det nedover til stølsbygningane på Håsete og til Nolten før vi er heilt nede til bilane ved Fitjadalsvatnet 265 moh.

Generelt

  • Vi arrangerar busstransport frå Fitjadalen til startpunktet ved Hamlagrøvatnet.
  • Vi har reservert plass på begge hyttene til 20 personar. Her må vi ta atterhald for at det kan bli endringar i antalet dersom koronasituasjonen krev det. Ved event. reduksjon i deltakartalet, vil påmeldingstidspunktet vera avgjerande.
    Du må ha med deg lakenpose eller sovepose.
  • På hyttene blir det middag, frukost og niste med mat som vi i fellesskap kjøper frå matlageret. Kostnaden for dette er kalkulert og lagt inn i turavgifta. Men der er ikkje brød på hyttene, så dette kan det vera lurt å ta med seg i sekken, og annan mat dersom du har glutenalergiar eller noko.
  • I turavgifta er det lagt inn kostnad for to overnattingar, fellesmat og busstransporten. Ferjebillettar og transport til/frå Fitjadalen må deltakarane syta for sjølve.

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Påmelding:    Via den raude knappen til høgre på denne sida frå 1.april.
  • Frammøte:    Årsnes ferjekai kl. 08:45, ferje kl. 09:00
  • Turkarakter:  BLÅ / RAUD - Middels til litt krevande tur pga. vandring 3 dagar.
  • Turavgift:       kr. 1.250,- for DNT-medl., kr. 1.490,- for andre. (Dekkar buss, overnatting og fellsmat)
  • Turleiarar:     Jan Helge Opsanger og Steinar Kroka.
  • Vandringa:
    • Dag 1:
      - Distanse: 6 km
      - Høgdeskilnad: 235 meter
    • Dag 2: 
      - Distanse: 4,5 km
      - Høgdeskilnad: 340 meter
    • Dag 3:
      - Distanse: 6 km 
      - Høgdeskilnad: - 897 meter

 

Seniortur - Hamlagrø-Vending-Breidablik-Fitjadalen

Seniorgruppa sin første hyttetur i 2022 går frå hytte til hytte i fjellet mellom Bergsdalen og Kvamskogen. Dag 1 Transportetappe frå Kvinnherad til Fitjadalen som ligg ovanfor Øystese. Derfrå køyrer ...

Kontaktinformasjon:

  • Jan Helge Opsanger
  • Tlf. 995 74 139

Turledere:

  • Steinar Kroka
  • Jan Helge Opsanger