Nærturar er i vinden som aldri før, og fleire og fleire får auga opp for dei utallige turane ein kan gå eit steinkast frå eiga stovedør. Ein av dei mest spektakulære og flotte turane går frå E16 ved Fossmark til E16 ved Vaksdal. På vegen vil ein få oppleve både kulturmine og særdeles variert natur og vegetasjon.
Oppmøtestad: Vaksdal senter. Samkøyring til Fossmark.
Oppmøtetid: 10.30
Avslutning: Vaksdal senter
Turskildring: Turen startar bratt oppover frå E16 ved Fossmark og følgjer den gamle stien dryge 400 høgdemeter oppover mot Fossdalen, ein liten plass som var i drift frå 1815 til 1883. Ved dei gamle tuftene tar vi ein pust i bakken og får høyre historia om plassen. Vidare frå Fossdalen går vi på sørsida av Fossdalsvatnet over Skagen og inn skaret ved Bukkhellerane til Dyrdalskaret. Her i frå følgjer vi merka sti ned til Tjødnahugen og vidare ned til Vaksdal. Totalt er turen på vel 10 km og 800 meter opp- og nedstigning. Ein bør vere i nokonlunde bra turform og ha gode sko då delar av turen går utanfor oppmerka sti. Vi reknar med å bruke kring 5 timar totalt på turen.
Utstyr/klede: Sjølv om vêrmeldingane er gode, er det naudsynt med noko utstyr på turar i dette terrenget. Kle deg fornuftig med gode fjellsko. Pakk ein lett dagstursekk med: