Kremtoppar i Jotunheimen - Opplev Galdhøpiggen, Glittertind og Besseggen.

Fellestur

Fra dato
12. juli kl. 08:00
Til dato
17. juli kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Turkatalog2022_Topptur, Turkatalog2022_Bretur, Galdhøpiggen, Glittertind, Jotunheimen, Besseggen
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag

OBS! NY DATO FOR PÅMELDINGSFRIST!!!

Omtale av turen

På denne turen brukar vi bare betjente hytter. Vi kjem til god ferdiglaga middag, og vi smøre niste ved frukostbordet. Alle overnattingar og måltid er med i prisen.

Turen startar i eigne bilar frå Kvinnherad om morgonen tysdag 12. juli. Eller vi avtalar å møtast på parkeringsplassen ved Gjendesheim kl 15.

Parkerer bilane på parkeringsplassen rett før Gjendesheim. Herifrå  tek vi fellestransport til Juvasshytta. På Juvassshytta et vi ein god middag før vi går til ro. Om morgonen et vi frukost og smøre oss niste 

Onsdag går turen med føring over Styggebreen. Vi får utdelt sele og går i taulag overe breen. Gode fjellstøvlar er nødvendig over breen og på turen vidare.  Vi går opp til Galdhøpiggen 2469 moh. Den høgaste fjelltoppen i Noreg! Ned igjen over Keilhaus topp og gjennom Visdalen til Spiterstulen for overnatting. God middag før vi går til ro. Frukost og niste neste morgon. Samla stigning denne dagen ca 600 høgdemeter og 1350 meter nedstigning. Dagsetappe ca 6 timar. . 

Torsdag går vi over Skautkampen og fylgjer stien opp til Glittertinden. Stien er i byrjinga god, men går etter kvart over i høgfjellsterreng med mykje ur og stein. Rett før toppen går vi på snø. Hugs gode fjellstøvlar. Ned til Glitterheim for middag og overnatting. Om morgonen er det frukost og nistesmøring. Samla stigning ca 1400 høgdemeter. Cirka 1300 meter nedstigning. Dagsetappe ca 10 timar.

Fredag  kryssar vi Veodalen, går opp og over skardet mellom Austre og Vestre Hestlægerhøe og ned til Russvatn. Vidare langs Russvatn går opp Russgloppet og ned til Memurubu og god middag. Frukost og nistesmøring neste morgon.

Stigning ca 600 høgdemeter. Dagsetappe ca 8 timar.

 

Laurdag frå Memurubu over Besseggen og ned til Gjendesheim. 

Besseggen er kjent som ein av dei mest spektakulære fotturane i Jotunheimen ein kan oppleve. Men for folk som er vane med å gå i fjellet er det ingen problem. Flott utsikt til begge sider, men god plass i breidda. Samla stigning ca 800 høgdemeter. Dagsetappe ca 8 timar. Vi legg opp til avslutningsmiddag, overnatting og frukost på Gjendesheim frå laurdag til søndag. 

Dersom nokon ynskjer å forlata turfylgjet allereie etter ankomst Gjendesheim, er dette opning for. 

Så finn vi dei parkerte bilane og køyrer kvar til oss på søndag. 

Dette er ein fantastisk fin tur med mange høgdepunkt. Den er klassifisert som krevjande då det er til dels lange dagsetappar med ein god del stigning. 

Deltakarane må vera i god fysisk form og vera vane med å gå med ryggsekk.

Gradering: krevjande/raud

Frammøte: 12.07 kl 08.00 frå Rosendal, eller Gjendesheim kl 15.00.

Turleiarar Kjell Yri og Ann Katrin Røssland 

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Ann Kathrin Røssland
  • Kjell Yri