Avlyst Er utsatt: Sosial samling for frivillige i NH Turlag

Arrangement

Dato
22. april kl. 17:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer for
Alle
Turtyper
Arrangement, , Austrheim, Nordhordland, Kysthytte, Samling, Frivillige
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Ombygging

Utsatt samling: Ombygginga av Rongevær har skote fart. Vi må utsetje samlinga.
-----------------/////

 

Nordhordland Turlag inviterar sine frivillige og dugnadsfolk til sosial samling på Rongevær.

Rongevær er Bergen og Hordaland Turlag si første kysthytte. Offisiell opning er 19. juni og anlegget vil verte oppgradert til DNT-standard.

I mellomtida kan vi bruke anlegget og vi inviterar til sosial samling fredag 22. april 2022. Kanskje du ikkje har vore der før heller, så då vert det eit supert høve til å verte kjent med plassen også.

Vi spanderer eit godt kveldsmåltid ca. kl. 18.30 og inviterer til triveleg lag rundt bordet. Turlaget har motorbåt og redningsvekstar så skyss fram og tilbake er ordna i gode former. Dei som ønskjer det kan også overnatte til lørdag.

Oppmøte på Baløy (Austrheim) frå kl. 17.00 til 18.00. Vi henter og bringer dei 300 meterene det er frå bilparkering/kaien på Baløy og ove til Rongevær. Så du må melde deg på så vi veit kven som kjem og kor store matfata skal vere. Mat, skyss og overnatting (alt) er gratis.

Bli med på samling - vi gler oss til å sjå deg att!

Dersom oppgraderinga/bygningsarbeidet er i ein fase som gjer måltid og overnatting vanskeleg, vil alle påmelde vil få informasjon i såfall.

 

Kontaktinformasjon: