Onsdagstur i Masfjorden: Håvarden

Fellestur

Dato
29. juni kl. 18:00 - 21:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Barn
Turtyper
Fellestur, Fottur, Blikjenttur, Nærtur
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

Fjelltrimgruppene i Risnes idrettslag, Bjørn West IL og Fjon UIL samarbeidar og set opp onsdagsturar i Masfjorden også i 2022.

Tidspunkt: Onsdag 29. juni 2022 kl. 18.00

Oppmøte: Elvik

Skildring: Nydeleg tur i motbakkar opp til Håvarden på ca. 395 moh. Stigninga starter straks vi forlet Elvik. Løna for strevet er flott utsikt og etterkvart som vi kjem over tregrensa ser vi meir og meir av dei flotte høgfjella og landskap. Denne onsdagsturen er ikkje gradert som enkel, men som middels krevande pga. tal høgdemetarar.

Kjentperson: Astrid Daae tlf. 991 63 456

Onsdagsturar er fine nærturar i kvardagen. Med 21 onsdagsturar på programmet i 2022 byr det seg verkeleg høve til mange gode turopplevingar. Ut å lufte vetet, gode turvener og lokale turperler. Kan ein ønskje seg meir på ein ettermiddag midt i veka?

Onsdagsturane er sjølvorganiserte turar der kvar og ein har ansvar for seg sjølv. Kjentpersonar står oppført og er med på turen. Kjentpersonen sitt ansvar er å vise fram til turmålet. Du kan gjerne ringe kjentpersonen på førehand om du har spørsmål om turen, vanskegrad, oppmøte eller anna.

Mange lurar på kva tempo det er på turane. Kva som er seint eller fort er ulikt opplevd. Ein ting er sikkert: Vi ventar på kvarandre. Fleire av turane i 2022 er relativt korte og enkle, slik at det er tenkt at turane skal passe flest mogleg. 

Ta gjerne med drikke og noko lett tursnacks.

Vi ønskjer både kjente og nye deltakarar hjarteleg velkomen!

Dersom du ønskjer at turdeltakinga skal verte registrert må du melde deg på her seinast før turen er gjort. Registrering er kjekt og nyttig om du vil "samle" på onsdagsturar.

 

Turane er gratis.

Vi oppmodar likevel til å støtte opp om Nordhordland tur

Onsdagstur i Masfjorden: Håvarden

Fjelltrimgruppene i Risnes idrettslag, Bjørn West IL og Fjon UIL samarbeidar og set opp onsdagsturar i Masfjorden også i 2022. Tidspunkt: Onsdag 29. juni 2022 kl. 18.00 Oppmøte: Elvik Skildring: Nydeleg tur i ...