Langtur/telttur frå Hjølmo til Tyssedal via Hårteigen og Trolltunga

Fellestur

Fra dato
25. august kl. 13:00
Til dato
28. august kl. 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Hårteigen, Trolltunga, Telttur
Arrangører
DNT fjellsport Bergen, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Hardangervidda
Turkode
838

Ynskjer du deg langstrakte vidder samstundes som ein får luftige partier? Då må du bli med på telttur frå Hjølmo i Eidfjord til Tyssedal i Odda, der me i tillegg skal opp på Hårteigen og ut på Trolltunga. Det blir lange dager der me går ca. 2 mil for dagen og totalt ca. 67 km. 

Turbeskrivelse

Dag 1: Me samlast i Eidfjord og går kjapt gjennom utstyr. Deretter tar me drosje til Hjølmo der turen startar. Me satsar på å koma eit lite stykke forbi Hedlo før me slår leir. På Hedlo kan me kjøpe litt snacks og forfriskninger om me ynskjer det. 

Dag 2: Me startar dagen tidleg, får i oss ein god frukost og bryter leir. Denne dagen skal me opp på Hårteigen! Etter ca. 15 km. er me endeleg framme med foten til Hårteigen. Her legger me igjen mesteparten av utstyret og tar toppstøtet opp ca. 200 høgdemeter til 1690 m.o.h. Her kan me ta litt skrytebileter før me tar fatt på nedstigninga igjen. Me satsar på å koma oss litt sør for Torehytten før me gjer oss for dagen og slår leir.  No skal me nyte ein herleg middag i godt selskap før me kryper ned i posen.

Dag 3: Denne dagen blir lang, og me satsar på å nå Trolltunga! Etter 16-17 km. passerar me Tyssevassbu. Me skal fortsatt gå ca. 8 km. til før me når Tyssehylen der me skal slå leir. Er gruppa klar for det tar me oss ein kveldstur bort til Trolltunga før me kryper ned i posen. Kanskje får me sett ein nydeleg solnedgang om været er med oss? Evt. tar me det dagen etterpå når me er friske og opplagde. 

Dag 4: Turens siste dag, og ein kortare etappe. Denne dagen kan me unne oss å sove litt frampå før me bryter leir. Det blir nok likevel tungt då me allerede er sletne i bein og ledd og me skal ned mange høgdemeter. Me kjem oss ned til Skjeggedal der me ventar drosje som tar oss ned til Odda. Her satsar me på å få kjøpe oss litt god mat og drikke før me tar bussen tilbake.

Dag 1: Ca. 10 km. og 250 hm. – 4-5 timer

Dag 2: Ca. 20 km. og 700 hm. – 9 timer

Dag 3: Ca. 25 km. og 300 hm. – 11 timer

Dag 4: Ca. 12 km. og ned 1000 hm. – 8 timer

Denne turen krever at du har fjellerfaring, men du trenger ikkje nødvendigvis vere erfaren med telt. Du må vera i form til å gå lange dagsmarsjer med tung sekk.

Gradering:
Fysisk vanskelighet: Krevande. Turane er opp mot 20-25km
Teknisk vanskelighet: Stort sett 1-2 terreng, grad 3-4 under selve toppstøtet på Hårteigen terrenget er tidvis bratt og kan i enkelte parti kreve klyving.

Les meir om vår fjellsportgradering.  

Reiseinformasjon: Deltagere sørger for skyss til Eidfjord og frå Odda sjølv, men legger opp til buss frå og til Bergen. Drosje er inkludert i prisen.

Oppmøte i Eidfjord kl.16.00 ved busshaldeplass. Satser på drosjeavgang ca. 16.30 opp til Hjølmo. For dei som reiser frå Bergen høver det med buss som med avgang kl. 13.20.

Drosje frå Skjeggedal til Odda. Peiler oss inn mot buss kl. 17.25 frå Odda. 

Mat: Ingen felles mat. Anbefaler tørrproviant, brød, enkelt pålegg, kjeks, sjokolade, nøtter, spekemat e.l.

Utstyr:

  • Gode, inngåtte fjellsko med ankelstøtte,
  • sekk, 60-80 liter er anbefalt
  • Telt og utstyr for teltovernattinger

Sjå ellers pakkeliste DNT; Se utstyrsliste for sommerfjellet . Husk at det kan bli kaldt på denne tida av året. Turleiar kan koordinere felles teltlag/kokeutstyr ved behov.

Pris: Deltakeravgift dekker turledelse, taxi Eidfjord-Hjølmo og Skjeggedal-Odda.

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Johnny Ytreland
  • Svein Rune Rykkje