Ferskinghelg II på Hallingskeid

Fellestur

Fra dato
7. februar 2014
Til dato
9. februar 2014
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Skitur, Helgetur,
Arrangør
Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Skarvheimen, Skarvheimen (se kart)
Turkode
204
Dette arrangementet er over!
(Fellestur) Dette er turen for deg som har vore på ferskinghelg tidlegare eller treng å friske opp vinterferdigheitene. Turen er sjølvsagt for alle andre også, då fokuset er å ha det triveleg i vinterfjellet. Det blir ikkje lagt opp til hardkøyr og lange turar, men her forutset vi at ein kan gå på ski utan å falle på flat mark.

Hallingskeid ligg ca 2 timar med tog austover frå Bergen og ein finn gode skibakkar rett utanfor hytta.

Vintertur frå Hallingskeid. Foto: Einar J. grieg

Oppmøtestad: Bergen jernbanestasjon (ved billettautomatane)

Oppmøtetid: Kl 16:35. Avreise kl 17:05. Ankomst Hallingskeid 19:29

Turskildring:

Fredag: Felles avreise med tog til Hallingskeid. Turistforeningshytta ligg 1-2 steinkast frå stasjonen. Det blir felles måltid på hytta om kvelden.

Laurdag: Etter frukost er det ut på tur. Der er mange muligheiter i området. Vi tilpassar lengda etter ambisjonar og føresetnader.

Sundag: Etter en fantastisk frukost går turen ut, igjen er der mange muligheiter. Toget tilbake til Bergen går kl 16:42 og vi legg opp turen etter dette.

Heimreise: Tog frå Hallingskeid 16:42. Ankomst Bergen 19:00. Alternativt tog går 18:27 og er i Bergen 2044.

Vilkår: Sjå generelle vilkår

Mat: Deltakerne ordnar brødmat selv. Alle måltid frå proviantlageret på hytta.

Utstyr: Se Turlaget si utstyrsliste for vinterfjellet.

Pris: Kr.1620,- for medlemmer, kr 2230,- for ikkje-medlemmer. Meld deg inn her dersom du ikkje er medlem. Prisen inkluderer turleiing, overnatting og mat på Hallingskeid turisthytte. Sikkerheitsutstyr vert koordinert av turleiar. Reise kjem i tillegg. Hugs å bestille togreise så snart som råd då toget blir fort fullt.

Kart: Norge-serien "Hardangerjøkulen", 1:50000. Kart og anna turutstyr kan kjøpast i turinformasjonen i Marken. Rabattert pris for medlemmer. Har du spørsmål om turen kan du kontakte Bergen og Hordaland Turlag på telefon 55335810 eller e-post: post@bergen-turlag.no Turleiar tek kontakt i veka før turen.

Ferskinghelg II på Hallingskeid

(Fellestur) Dette er turen for deg som har vore på ferskinghelg tidlegare eller treng å friske opp vinterferdigheitene. Turen er sjølvsagt for alle andre også, då fokuset er å ha ...

Kontaktinformasjon:

  • Bergen og Hordaland Turlag
  • Tlf. 55335810
  • E-post: bht@dnt.no