STORD TOPP8

Fellestur

Dato
26. mai kl. 08:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Turtyper
Fellestur, Fottur, Topptur, 8toppstur
Arrangører
Stord-Fitjar Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Sunnhordland (se kart)
Turkode
2019
Dette arrangementet er over!

Søndag 26.mai i arrangerer Stord-Fitjar Turlag ein tur over åtte fjelltoppar. Start og mål ved Lundsæter Kraftstasjon.

Total stigning på turen er ca. 1000 m., og total lengde er ca 17 km.
Alle toppane ligg grovt sett rundt Tysevatnet.

Dei 8 toppane er:
- Steingjeldsheddo 529 moh.
- Budalsfjellet 526 moh.
- Stavalifjellet 511 moh.
- Sørliknattet 465 moh.
- Skårafjellsåto 665 moh.
- Skårafjellet 691 moh.
- Nibbo. 700 moh.
- Stovegolvet 703 moh.

Stord Topp 8 har 3 alternative turar:

Alt 1: 8 toppar
Toppar: 1.Steingjelsheddo 2.Budalsfjedlet 3.Stavalifjedlet 4.Sørliknatten 5.Skårafjellssåto 6.Skårafjedlet 7.Nibbo 8.Stovegolvet

Alt 2: 4 toppar
Toppar: 1.Steingjelsheddo 2.Budalsfjedlet 3.Stavalifjedlet 4.Sørliknatten

Alt 3 har igjen 2 alternativ:
a) Steingjelsheddo med retur til Vaulane og ned vegen frå demninga.
b) Stovegolvet via trappene i Fossabrekko..    NB! Start frå Kraftstasjonen!

Starttidspunkt:
Det vert individuell start mellom kl 08.00 og 10.00 søndag 26. mai.
For deltakarar med små barn som skal gå 1 topp, dvs Stord Topp 1 er starten mellom kl 10.00 og 12.00.

Nytt påmelding og registreringsystem er tatt i bruk for 2019. Det betyr at det ikkje er noko påmeldingsfrist dersom du nyttar nettpåmeldinga og betaler deltakaravgifta der. Påmeldinga må då skje før du startar og billetten må visast fram for scanning ved start og ved mål.


NB! Deltakaravgifta vert auka med kr. 50 for alle kategoriar som melder seg på manuelt i sekretariatet arrangementdagen. Ved slik påmelding kan du bruka kontant betaling, VIPPS og bankkort. Då det kan vera dårleg dekning for data og betalingsautomat for kort i startområdet søndagen, kan det oppstå kø ved påmelding. Ein oppmodar difor til påmelding på nettet. Sjå link nedafor.


Påmeldingsavgift:  
Topp 8: Vaksne: Kr. 250,-.     Barn: Kr 150,-.   Familierabatt: Born saman med 2 vaksne: Kr. 15,-  

Topp 4: Vaksne: Kr. 150,-.     Barn: Kr 100,-.   Familierabatt: Born saman med 2 vaksne: Kr. 15,-

Topp 1: Vaksne Kr. 100,-.      Barn: Kr   50,-    Familierabatt: Born saman med 2 vaksne: Kr. 15,-

NB! Tillegg på kr 50 for alle som melder seg på manuelt arrangementdagen.

Alle deltakarane får ei Stord Topp 8 t-skjorte.

Følg denne lenka for   PÅMELDING


Meir om Stord Topp 8.
Toppturen er tilrettelagt slik at alle skal kunna gå han, born, vaksne, familiar. Dessutan kan bedrifter, lag og organisasjonar stilla med så mange deltakarlag dei måtte ønskja, og eventuelt konkurrera innbyrdes. Om nokon tykkjer åtte toppar blir i meste laget, kan dei velja å gå berre dei fire første og så attende til mål.

Alle toppane ligg grovt sett rundt Tysevatnet. Dei fire første, som ligg sør, vest og delvis nord for vatnet, er dei lågaste, og har ein svakt fallande høgdetendens frå ein til fire. Dei fire siste, nord-aust for vatnet, er noko høgare, og har ein svakt stigande høgdetendens, med Stovegolvet som toppunkt. Total stigning på turen er ca. 1000 m., og total lengde er ca 17 km.

Start og mål er Lundsæter kraftstasjon, 200 moh.
Første topp er Stengjelsheddo, 529 moh. Stien går bratt opp Stengjelsdalen før terrenget blir meir småkupert mot toppen. Vidare går turen bratt ned Bortnadalen til Vaulane og deretter opp Ravasslio til topp nummer to, Budalsfjedlet, 526 moh. Så vert det ned til Breidalsleitet og opp til topp nummer tre, Stavalifjedlet, 511 moh. Til neste topp går først stien nordover langs Stavalifjedlet og deretter ned til Aravatnet, passerer Aratjødno og stig opp til topp nummer fire, Sørliknatten, 480 moh. Herifrå går det lett ned til Sørlileitet.

Dette blir eit viktig stikryss. Dei som har valt å avslutta etter dei fire første toppane, går no ned til Tysevatnet og følgjer stien langs dette, og deretter opp Steinasmåget og ned Tyseskaret til mål ved Lundsæter. For alle andre går turen nordover mot Store Tjødnadalen, men før sjølve dalen, ved kanten av ei stor myr, går stien bratt sør-austover opp fjellsida til topp nummer fem, Skårafjellssåto, 665 moh. Vidare sør- austover er terrenget småkupert med lett stigning opp til topp nummer seks, Skårafjedlet, 691 moh. Liknande terreng og same retning er det og til den nest siste toppen, Nibbo, 700 moh. Siste toppen, Stovegolvet, 703 moh., ligg i sørleg retning frå Nibbo, og i rimeleg lettgått terreng.

Den tilrådde turen attende til mål går først nord-austover langs ryggen av Stovegolvmassivet, deretter ned mot Fossabrekko og på skrå ned denne til stikryss, så sørover til Kyviksæter og Lundsæter. Svært mange av dei som har vore oppe ved det restaurerte tårnet på Stovegolvet, har brukt denne skråvegen.

Stord-Fitjar turlag satsar mykje på at turen skal vera trygg for alle. Difor plasserer me vakter med førstehjelpskompetanse på alle toppane, og ved Aravatnet blir det saftstasjon


Dei fire første, som ligg sør, vest og delvis nord for vatnet, er dei lågaste, og har ein svakt fallande høgdetendens frå ein til fire.
Dei fire siste, nord-aust for vatnet, er noko høgare, og har ein svakt stigande høgdetendens, med Stovegolvet som toppunkt.

STORD TOPP8

Søndag 26.mai i arrangerer Stord-Fitjar Turlag ein tur over åtte fjelltoppar. Start og mål ved Lundsæter Kraftstasjon. Total stigning på turen er ca. 1000 m., og total lengde er ca 17 km. ...

Annonse