Vårt fjellrike: På ukjente stier til Flåm (25-35 år)

Anbefalt tur! Se flere

Fellestur

Fra dato
17. august kl. 07:45
Til dato
20. august
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Helgetur, Skarvheimen, Grindaflethytta, Kaldavass, Flåm, Flåmsbana, Turkatalogen2017
Arrangør
Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Skarvheimen
Turkode
229
Dette arrangementet er over!

Vårt fjellrike – frå Hallingskeid til Flåm (25-35 år) Bergen og Hordaland Turlag inviterer til ein minnerik tur frå Hallingskeid til Flåm. Undervegs kan me lova barske og milde fjell i fire dagar; hyggelege hyttestunder og kalde isbad; inspirerande turleiarar og godt samhald.

Beskrivelse på bokmål fra TURKATALOGEN: "Er du 25-35 år og på jakt etter stier bortenfor allfarvei, så er dette en ny og ganske ukjent variant. Vi starter med Bergensbanen til Hallingskeid og går derfra til Kaldavasshytta. De neste dagene går vi mot UNESCOs verdensarvområde i Nærøyfjorden, og vandrer opp på topper og ned i dype daler før vi ender ned Ljosdalen og Gunhildaskorane med Ægir Bryggeri Pub i Flåm som siste rastested. En annen godbit er overnattingen på fjellstua på Uppsete, der vertinna byr på badstue og treretters middag. Med andre ord en real drømmetur."

Oppmøtested: Bergen Jernbanestasjon 

Oppmøtetid: kl. 07.45. Avreise er med tog frå Bergen stasjon kl. 0758, til Hallingskeid kl. 1020.

Første dag (torsdag): Turen begynnar frå togstasjonen på Hallingskeid, ca. 1100 moh, kor me følgjer Rallarvegen eit lite stykke mot Myrdal. Deretter tek me vestover i den fine Grøndalen, over Vossaskavlen (1542 moh), og kjem inn i det barske fjellområdet ved Kaldavatni, kor Kaldavasshytta vert stopp for kvelden. Turen er ca. 17 km og tek 7-8 timar.

Andre dag (fredag): Dagens etappe endar på fjellstova på Upsete, øvst i Raundalen, kor vertinna byr på badstu og trerettars middag i eit tradisjonelt og heimekoseleg miljø. Her møter me Bergensbanen igjen, og tek med oss historia om Gravhalstunnelen; den lengste tunnelen då Bergensbanen var ny i 1906. Fram til Upsete er det berre ca. 2,5 timar, men me utnyttar dagen og vêret, og går ikkje kortaste veg. Me vil leggja turen om Øykjafonn (1604 moh) og Hervadseggi (1287 moh), eller få ein smak av Flåmsdalen ved å gå via Myrdal og den flotte Ugjerdsdalen. Samla vert turen 7-8 timar.

Tredje dag (laurdag): Frå Upsete på ca. 900 moh går me  først opp i den breie Breidalen, og stig over Eilivseggi på ca. 1350 moh. Landskapet endrar litt form frå dagane før; etter kvart vert det frodig og slakt. Me går nordover mot Grindaflethytta, som er ei perle i eit inviterande fjellområde mellom Gudvangen og Flåm. Me kjem inn i UNESCOs verdsarvområde, og undervegs ligg gamle fangstgroper som eit unikt kulturminne. Grindaflethytta er favoritthytta til iallfall ein av turleiarane; bli med for å oppleva kvifor! Turen er ca. 16 km og tek ca. 7 timar.

Fjerde dag (søndag): Vår siste dag ilag brukar me til fulle. Først går turen mot Flåm, med oppstigning over Raudeggi og Viddalsfjellet, før me går ned Ljosdalen og Gunhildaskorane. Nedstigninga er lang og litt bratt; frå ca. 1400 moh og til fjorden. Turen tek inntil 6 timar. I Flåm ventar belønning: bad i Sognefjorden og ein god middag på Ægir BryggeriPub. Som avslutning på turen kjem endå eit høgdepunkt, nemleg togtur med Flåmsbana til Myrdal. Det blir togbyte på Myrdal, og me er tilbake i Bergen ca. kl. 2230.

Me ser fram til å ta deg med gjennom dette rike og spennande området, og til å bli kjent med ein fin gjeng på tur!

Vennleg helsing turleiarane:
Per Olav Opheimshaug og Erlend Baldersheim

Mat: Ta med ei god matpakke og drikke til turen på torsdag, samt brød om du foretrekker dette på de selvbetjente hyttene. Husk også termos!

Hjemreise: Med Flåmsbana fra Flåm til Myrdal, og videre mot Bergen, eller Oslo.

Utstyr: Se utstyrsliste for sommerfjellet.

Vilkår ved deltakelse/påmelding: Les generelle vilkår  

Pris: Kr 2795,- for medlemmer. Kr 3475,- for ikke-medlemmer. Meld deg inn her dersom du ikke er medlem . Sikkerhetsutstyr koordineres av turleder. Prisen dekker turledelse, alle måltider (unntagen middag på Ægir Bryggeri Pub) og overnattinger, samt sikkerhetsutstyr. Reisen og middagen på Ægir kommer i tillegg og bestilles og betales av den enkelte. 

Kart: Kartet og turutstyr kan kjøpes i turinformasjonen i Marken. Rabattert pris for medlemmer.
 

(fellestur)

 

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Per Olav Opheimshaug
  • Erlend Baldersheim

Annonse