Jubel for Øystesevassdraget

Foto: Einar Sleire

Regjeringa seier nei til kraftutbygging av Øystesevassdraget. I dag har natur- og friluftsverdiane sigra.

–  I dag har regjeringa ivaretatt ei naturperle av dei sjeldne, seier dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag, Helene Ødven.

I eit historisk møte med Bergen og Hordaland Turlag 28.august 2017, kom statsminister Erna Solberg og olje- og energiminister Terje Søviknes med den gledelege nyheita om at regjeringa no har vedteke og avslå søknadane om utbygging av Øystesevassdraget.

–  Vi vil takka regjeringa Solberg for ei modig og ansvarleg avgjerd i saka. I dag har natur- og friluftslivverdiane sigra. Til trass for NVE si innstilling om ei full utbygging, så har regjeringa i dag gått inn for å ivareta Øystesevassdraget til glede for framtidige generasjonar, seier Helene Ødven.

Stor verdi

Den Norske Turistforening og Bergen og Hordaland Turlag har engasjert seg for å ivareta dette området i over 30 år. Bergsdalen og Kvammafjella er eit fjellområde med stor verdi for friluftslivet lokalt, regionalt og nasjonalt. Verdien er knytta til at området i øvre del av Øystesevassdraget inngår i eit større samanhengande naturområde med urørt preg. Området er befolkningsnært, lett tilgjengeleg, har store landskapsverdier, stort potensial for naturbasert reiseliv og ligg sentralt i høve Bergensregionen, Voss og Hardanger.

Folkeleg engasjement

Regjeringa har tatt til orde for at det er svært viktig å ivareta større og samanhengande friluftsområder i fjellet og nær byane.  Stortinget har også gjeve støtte til denne målsetjinga då dei handsama friluftslivmeldinga i 2016.  Verdiane i dei øvre delane av Øystesevassdraget oppfyller desse intensjonane på alle punkt. Det har vore eit stort folkeleg engasjement i saka, og over 3000 har signert underskriftskampanjen for å ta vare på Øystesevassdraget. I 2009 fremja Høyre eit forslag i Stortinget om å ta med øvre del av Øystesevassdraget i Verneplanen for vassdrag, men fekk diverre ikkje fleirtal den gong.

Innsats som nyttar

 –  Bergen og Hordaland Turlag har satsa stort på å gjera dette fjellområdet tilgjengeleg for publikum. Sidan 2006 er det opna fire nye turisthytter i Bergsdalen og Kvammafjella. Totalt er det seks hytter i dette området. Frivillig innsats bidrar til å vedlikehalde T-merka rutenett og hytter. Avgjerda i saka om Øystesevassdraget viser at frivillig innsats for natur- og friluftslivverdiar nyttar. Vi er svært glade for utfallet i denne saka. I dag har regjeringa bidratt til å ivareta ei naturperle av dei sjeldne, understreker Helene Ødven.

Se filmen : Bevar Øystesevassdraget


Annonse

Skrevet av Einar Sleire 28. august 2017