Helga då Hallingskeid fekk internasjonalt besøk!

Internasjonale dager på Hallingskeid
Internasjonale dager på Hallingskeid Foto: Thorbjørn Kaland

Helga 13-15. april gjekk "Internasjonale dager på Hallingskeid" nok ein gong av stabelen.

30 spente personar, inkludert elevar ved Bergen Katedralskule, lærarar og frivillige frå Turlaget tok fredag ettermiddag toget til DNT-hytta Hallingskeid langs Bergensbanen. Opphaldet på Hallingskeid gjennom helga gjennomførast av frivillige med ildsjel og æresmedlem, Thorbjørn Kaland, i spissen. Han fortel at ungdommane representerte 12 nasjonar, med i år overvekt av syriske flyktingar og kurdere. Vidare fortel han at det blei mykje knall og fall i starten, men at det ved mange timers trening med skigåing, skihopp, hinderløype og leik i snøen blei god framgang på alle. Dette gjorde at dei søndagen kunne avslutte med ein flott tur.

Årets internasjonale dager ble 100 % vellykket. Dels pga en meget dedikert og lærevillig ungdomsflokk, og dels pga det best tenkelige strålende vær Thorbjørn Kaland

Foruten innøving i skiferdigheiter blei det orientert om tilbodet i DNT-ung og elles i BHT, nordmenns hyttekultur, DNTs hyttesystem, sjølvbetjening og dugnad. Nordmenn si naturinteresse blei også omtalt, samt ein del naturkunnskap og den lokale kulturhistorie på Hallingskeid. Gode måltid og hyttekos var det sjølvsagt også store doser av.

Stor takk til lærarar frå Katedralskula og frivillige frå Turlaget som gjennomførte arrangementet.  Sjå bildevisning nedanfor: