TiTur18 - heldige vinnarar

Vinnerbildet i TiTur18
Vinnerbildet i TiTur18 Foto: Jan-Inge Kolaas

TiTur18 er over for i år, og om lag 1850 personar har fått seg éin eller fleire turar! Over 270 personar besøkte alle 10 turane! 

Turmåla blir kvart år lagt til fine stader både vest, aust, nord, sør og sentralt i Bergen kommune. Slik får deltakarane bli kjent med mange ulike stader i nærområdet, og mange besøker stader dei aldri har vore før. Mange har delt bilder på instagram med hashtag #titur18. Kvart år kårar vi årets bilde, og i år vant Jan-Inge Kolaas med eit flott bilde frå Ramberget i Fana. Bildet hans vil pryde neste års utgave av TiTur, i tillegg til at han får eit gåverkort som kan brukast i Tursenteret vårt. 

TiTur18 bidrar til høg eigenorganisert aktivitet. Årets TiTur har generert omtrent 5850 turdagar! 

Alle som har besøkt dei ti turmåla har mottatt eigen TiTur-brettekopp i premie. I tillegg har dei vore med i trekninga om flotte ytterjakker frå Bergans. Følgande personar blei heldige vinnarar i år:

- Charles Olsen

- Ina Caroline Marteng

- Bård Jebsen

- Sanna Gjertsen 

Nytt av året var premiering for flest innsjekk, og her stakk Laila Grønås Steinsland av som vinnar med heile 47 innsjekk! 
Gratulerer til alle vinnarane! Vi håpar jakkene blir flittig brukt under TiTur19!

TiTur-utvalet (beståande av 4 dyktige frivillige) takkar for engasjementet og ønskjer deg velkomen til å bli med igjen! TiTur19 startar 1. april 2019.

Det finst også fleire lignande opplegg rundt omkring i Hordaland, ta ein kikk på dei her.

Takk til Bergen kommune for økonomisk støtte til prosjektet.