Engasjert folkemøte om vindkraft i Nordhordland

Folkemøte om vindkraft på Knarvik i Nordhordland, 19. november 2018.
Folkemøte om vindkraft på Knarvik i Nordhordland, 19. november 2018. Foto: Torill Refsdal Aase

Stor motstand mot vindkraftanlegg i Stølsheimen og andre stader i Nordhordland og Gulen.

Stort engasjement i Nordhordland

Nærmere 200 personer stilte på folkemøtet på "Dampen" i Knarvik 19. november. Møtet ble arrangert av Nordhordland Rotary og «Reservebenken» (konsulentselskap basert i Nordhordland, red.anm.). Det var til tider høg temperatur i salen. Ja, som ein av deltakarane sa etterpå: «I kveld dampa det i Dampen!».

Tidlegare ordførar i Radøy, Olav Steinar Namtvedt, innleia møtet og ønskte velkomen. Ordstyrar gjennom kvelden var Inge Alver, tidlegare rektor på Lindås Gymnas.

Travel kveld med mange spørsmål

Rune Flatby, direktør i konsesjonsavdelingen i NVE, var først ute med innlegg. Han greidde ut om bakgrunnen for at det no vert arbeida med ei nasjonal ramme for vindkraft. Klimautfordringane gjer at det er sett mål for kor stor del av energiforbruket som skal bli fornybar. NVE skal utarbeide eit kart over dei områda i landet som dei mener er best eigna for vindkraft. Flatby var tydeleg på at NVE skal skaffa det kunnskapsgrunnlaget som politikarane skal ta sine avgjerder på.

Folks engasjement blir lagt merke til av politikarane

Liv Kari Eskeland, representant for Høgre i Klima- og miljødepartementet, fekk ein travel kveld. Ved sida av hovudinnlegget sitt blei også dei fleste spørsmåla frå salen retta til ho. Eskeland understreka at det er viktig med ein langsiktig og forutsigbar klima- og miljøpolitikk. Derfor er den kartlegginga som no pågår viktig når ein endeleg skal peika ut dei områda der ein vil satsa på vindkraft, sa ho. Siktemålet med fornybar energi er å fasa ut den fossile energien. Energiforbruket vil auka framover, fordi mange utviklingsland enno har eit lavt energiforbruk. Men ho minna om at ein også må sjå på andre energiformer som i dag berre er i utviklingsfasen. Dessutan må vi sjå på vannkrafta der opprustning av eldre kraftverk vil gje auka produksjon. Ho understreka at demonstrasjonar som den i Dyrkolbotn og det store engasjementet i dette møtet blir lagt merke til.

Folkemøte om vindkraft på Knarvik i Nordhordland, 19. november 2018.
Folkemøte om vindkraft på Knarvik i Nordhordland, 19. november 2018. Foto: Torill Refsdal Aase

Lokaldemokratiet under press

Kjersti Toppe fra Senterpartiet var oppteken av makttilhøvet mellom lokaldemokratiet og den statlege styringa. Ein nasjonal rammeplan for vindkraft er einstemmig tinga av Stortinget. Men det er ulikt politisk syn på kor stor vekt ein vil leggja på lokale meiningar. Senterpartiet vil vektleggja kommunane og fylkestinga sine vurderingar. Ein skal ha respekt for det lokale sjølvstyret. Toppe stilte spørsmål ved om prosessen som er i gang no eigentleg er ein demokratisk prosess. Ho synte til at medan kartlegginga går føre seg, så tar private investorar kontakt med grunneigarar utan å kontakta kommune/fylke. Ofte er dette investorar som har utanlandsk kapital i ryggen. Denne kontakten mot grunneigarane kan vera øydeleggjande for lokalmiljøet fordi det kan føra til splitting. Er det rett at ein eller to kan bli rike, medan dei andre må ta støyten? Ho meinte at Hordaland har gjeve sitt av naturressursar til storsamfunnet.

Les lokallagenes klare tale: Nei til vindkraftutbygging i våre områder

NVE ville ikkje høyre på folket

Halvard Oppedal, ordførar i Gulen, fortalde om den langvarige prosessen i sin kommune der vindkraftanlegg på Brosviksåta og Dalsbotnfjellet starta opp i 2011. Dei aller fleste grunneigarane var i mot utbygging på Dalsbotnfjellet. Kommunestyret var også i mot, men likevel gav NVE konsesjon til utbyggjar. Opedals vurdering var at lokaldemokratiet ikkje talde så mykje, til trass for det som har blitt uttalt. Dessutan var han svært tydeleg på at det er uhørt at lokalsamfunn skal bli pressa av offensive private aktørar. Dei skaper splid i lokalsamfunn.

Folkemøte om vindkraft på Knarvik i Nordhordland, 19. november 2018.
Folkemøte om vindkraft på Knarvik i Nordhordland, 19. november 2018. Foto: Torill Refsdal Aase

Turlaget rosar Lindås og Gulen

Helene Ødven, dagleg leiar i Bergen og Hordaland turlag, starta med å rosa ordføraren i Lindås og ordføraren i Gulen som har teke klare standpunkt mot å byggja ned urørt natur. Ho oppmoda kommunane til å laga arealplanar. Vindkraftområde blir industriområde og bør handsamast deretter. Turlaget er ikkje i mot all vindkraft, men plassering i verdifulle natur- og friluftslivsområde blir feil. Ein bør vurdera havområde for større utbygging. Ødven meinte også at det er utidig at private aktørar kjem inn medan kartlegginga pågår.

Øyvor Haldis Larsen, leiar i Nordhordland Turlag, peika på at turlaget der har stor aktivitet ved hjelp av mange frivillige og at dei områda det er snakk om å byggja ut i Nordhordland er svært viktige turområde som betyr mykje for folkehelsa.

Vi oppfordrer alle til å signere oppropet vårt for bevaring av kyst og fjell her 

Mange spørsmål og høy temperatur

I spørsmålsrunden og debatten etter hovudinnlegga blei det høy temperatur. Her er nokre moment frå debatten:

  • Politikarane snakka om at det er viktig med innspel i prosessen, lokaldemokratiet vil bli hørt. I praksis syner det seg at NVE og departement overkøyrer kommunestyre og gjev konsesjon likevel. Er det slik at storsamfunnet sine behov alltid trumfar?
  • Jan Nordø i Naturvernforbundet peika på at NVE i søknader om småkraftverk ofte prisverdig  gjekk i mot konsesjon grunna naturverdiar og friluftsliv. Men så kan altså NVE gje konsesjon for vindmøller i så og seia same området. Det er vanskeleg å forstå.
  • Framferda til dei private aktørane gjekk igjen i fleire av innlegga. Er det fritt fram for desse? Fins det ikkje noko regelverk som kan regulera dette?
  • Opprustning av eksisterande vasskraftverk. Her kan det vera mykje å henta framover.
  • Grunneigar Signhild Dyrkolbotn spurte om vi treng meir kraft? Vi må bli flinkare å til å spara energi, og vi må i alle fall ikkje nytta energi til den alternative myntproduksjonen som no går føre seg på Dale! sa ho.
  • Wenche Midtun i Ytre Sogn Turlag peika på at om vindmøller skal utplasserast, så må det definerast som eit industriområde. Det er difor underleg at det då ikkje er ein del av kommunane sin reguleringsplan-prosess.
  • Ingvar Vik, naturvernar, peika naturens verdi. Vindkraft på land er kanskje ikkje lønsamt utan tilskot likevel dersom ein legg inn, omrekna i kroner og øre, den verdien som urørt natur eigentleg har. Han var også oppteken av kva krav NVE stilte til tilbakeføring av naturen når vindkraftperioden er over.


Torill Eidsheim, stortingsrepresentant for Høyre, fekk mot slutten spørsmål om ho vil gå i mot utbygging av lokal vindkraft. Ho svara at alle nye energiressursar må vurderast og at ho ville vurdera den karlegginga som NVE no arbeider med og det kunnskapsgrunnlaget som der kjem fram før ho tek ei avgjerd. Eidsheim minna om verda sin energisituasjon, men ho peika også på at Stølsheimen alt har ytt mykje til storsamfunnet.

Folkemøte om vindkraft på Knarvik i Nordhordland, 19. november 2018.
Folkemøte om vindkraft på Knarvik i Nordhordland, 19. november 2018. Foto: Torill Refsdal Aase

Naturvernomsyn må vega tyngst

Etter møtet spurde vi nokre av møtedeltakarane om deira meining om vindkraftutbygging:

Audun Stusdal, tidlegare markert høgrepolitikar i Lindås, meinte at vindkraft nok er eitt av fleire tiltak som må takast i bruk for å oppnå grønt skifte. Men vindkraftutbygging må skje til havs, sjølv om kostnadane på kort sikt vert høgre. Naturvernomsyn må vega tyngst. Vestlandet har bidratt med mykje gjennom vasskraftutbygging.

Øyvor Larsen i Nordhordland Turlag viser til at vi må ha respekt for naturen, vi treng urørt natur. Det handlar om folkehelsa, både fysisk og psykisk. Når fjellet er eit industriområde, så er det ikkje kjekt å ta folk med på tur dit. Dessutan vert naturen øydelagt for alltid, det går ikkje å reversera skjeringane og inngrepa etter 25 år eller seinare.

Skjebnetime for norsk natur

Vindkraft på land er ei gigantisk øydelegging av natur

Wenche Midtun i Ytre Sogn Turlag synte til at det fins andre alternativ med mindre påverknad av natur. Urørt natur må prioriterast. Ho viste også til at det er skattar og avgifter som styrer energibruken og at staten kan «styra» forbruket og energiform på den måten.

Asle Hindenes, tidlegar leiar i Bergen Turlag, peika på vindkraft på land er ei gigantisk øydelegging av natur. Det er ikkje berekraftig å øydeleggja natur for å berga miljøet. Dessutan er vindkraft eit kortsiktig tiltak for å skaffa energi. Det kjem andre energiformer som etter kvart vil fasa ut vindkraft, og vi sit att med store øydelagde naturområde. Hindenes viste også til at det til no er dårlege erfaringar ved at det er utanlandsk kapital som står bak investorane og at profitten forsvinn ut av landet i staden for å koma lokalsamfunna til gode. Lokale arbeidsplassar ut over utbyggingsperioden er også få. Totalt sett er såleis den sosiale avkastninga av vindkraft minimal.

Andre møtedeltakarar som vi snakka med, var samde om at dette hadde vore eit interessant møte med til dels stort engasjement. Arrangørane Reservebenken og Rotary fekk ros for arrangementet.

Arrangørane lova at dei vil følgja opp saka og eventuelt invitera til eit nytt møte på nyåret.

Referat v/ Birger Tomasgard

Annonse