Kvam Turlag tildelt kulturpris

Anna Mo-Bjørkelund tok i mot prisen på vegne av Kvam Turlag.
Anna Mo-Bjørkelund tok i mot prisen på vegne av Kvam Turlag.

Gratulerer til Kvam Turlag som mottok Kvam herad sin kulturpris 2015 lørdag 13. juni.

Under Hardanger trebåtfestival i Norheimsund lørdag 13. juni, fikk Kvam Turlag tildelt Kvam herad sin kulturpris for 2015.

Begunnelse 

Slik lyder begrunnelsen for tildelingen: «Kulturprisen for 2015 går til Kvam turlag, for laget sitt store, frivillige arbeid for å få folk ut på tur. Det er ekstra høveleg å gje laget kulturprisen no, i Friluftslivets år.

Kvam turlag vart stifta i 1994 som eit lokallag under Bergen Turlag/Den Norske Turistforening. Laget har i dag i overkant av 500 medlemer. Laget merkar rundt 100 kilometer med stiar, og har tilsyn med tre hytter: Breidablik, Vending og Kiellandbu. Ikkje minst arrangerer laget turar, året rundt. Turane har varierande lengde og vanskegrad, slik at Kvam turlag tilbyr naturopplevingar til ei stor breidde av befolkinga.

Laget feira 20-årsjubileum i 2014, og markerte dette med det nye tiltaket «Kvam i kryss og krakje». Dette vart ein stor suksess, og held fram i år. 20 postar vert plasserte ut over heile Kvam frå Krossfuru i Ålvik via Byrkjefjell på Kvamskogen til Nessteinen i Mundheim. Dette er eit familievenleg opplegg, heilt i tråd med intensjonane i Friluftslivets år.

Kvam turlag er basert på frivillig innsats, og registrerte i fjor kring 2500 timar med dugnad. Laget er veldrive, og dyktig i sin kommunikasjon med medlemer og andre, mellom anna gjennom sosiale medium.  

Kulturprisen for 2015 er eit trykk av Jarle Rosseland. Motivet er eit glimt av Kvam turlag sitt aktivitetsområde – både fjord og fjell, og har det høvelege namnet «En hyllest til Hardanger».»

Stolt lokallagsleder

Leder i Kvam Turlag, Kjell Inge Tufte Tyssen, er glad for prisen.

– Jækla stas at tur óg vert rekna som kultur. Stas at det me gjer vert lagt merke til og sett pris på. Eg håpar alle folka våre – turleiarar og dugnadsfolk ellers -også synes det er stas at me har fått prisen. Me deler den gjerne med alle turgåarar. Utan dei ville ikkje tur blitt kultur, forteller den stolte styrelederen.

– Hva har dere gjort rett, tror du?

– Eg trur me traff veldig bra med satsinga “Kvam i kryss og krakje” som me starta i fjor. Folk strøymer no til perler som har vore skjulte for andre enn dei lokale. Som det står i grunngjevinga så har me ei breidde i turprogrammet som gjer at det er eit tilbod til nesten alle. Dette har me og i Kvam i kryss og krakje med både korte og lange turar. Og i år har me til dømes vore mannskap på både ultraskiløp og lågterskelløpet Kvammaløpet. Ellers er det vel ikkje meir magisk enn tjue år med fellesturar, hyttetilsyn, stimerking og bokutgjevingar, fortsetter Tufte Tyssen.

– Hva satser dere på fremover?

– Me må få utdanna fleire turleiarar og få sett fleire i arbeid med kjekke oppgåver på hytter og stiar. Og me håpar å få fleire med på fellesturane. Om det er interesse for det ynskjer me å starte ei ungdomsgruppe.

– Hva vil du si til andre lokallag?

– Eg sit stort sett på fellesmøta (og på sosiale media) og er misunneleg på alt dei får til rundt om. Fortset med å gjere meg misunneleg! avslutter Tufte Tyssen.

Kvam Turlag tildeles Kvam herads kulturpris 2015.
Kvam Turlag tildeles Kvam herads kulturpris 2015.
Vi gratulerer Kvam Turlag så mye med kulturprisen!

Annonse