Kjære Mark Zuckerberg

Helene Ødven, daglig leder i Bergen og Hordaland Turlag, inviterer Mark Zuckerberg til Stølsheimen.
Helene Ødven, daglig leder i Bergen og Hordaland Turlag, inviterer Mark Zuckerberg til Stølsheimen. Foto: André Marton Pedersen

Facebook investerer i norsk vindkraft. I eit brev til Mark Zuckerberg ber vi han tenkje seg godt om før han støttar vindkraftprosjekt i urørt norsk natur.

Dette er eit brev frå oss i Bergen og Hordaland Turlag til Facebook sin grunnleggjar Mark Zuckerberg, i samband med at Facebook vil kjøpa kraft som skal produserast av vindturbinar i vestlandsfjella.

Read English version here.

Kjære Mark Zuckerberg

Det har kome oss for øyra at du kan vera mellom dei som har tenkt å kjøpa den krafta som eventuelt skal produserast ved hjelp av vindturbinar i fjella våre her på Vestlandet. Du er visst oppteken av at selskapet ditt, Facebook, skal framstå som grønt og miljøvenleg. Vi som er frå desse traktene, og brukar desse fjella med moderleg og faderleg omsorg, vil gjerne få lov til å invitera deg til Noreg for å visa deg at den grøne krafta du trur du skal kjøpa, er ein illusjon. Skal vi produsera denne krafta for deg og andre, vil norsk natur i eit enormt omfang bli rasert for all framtid.

Vi trur ikkje du er klar over dette, og vi har tillit til at det ikkje er dette du vil.

Les og:

Vi vil ta deg med på ein fantastisk flott tur i desse fjella. Du kan velja om du vil koma  vintersdagen eller på sommarstid. Fjella er nett like vakre uavhengig av årstid. Opp bratte fjellsider skal vi ta deg, der haren hoppar og reven jagar. Opp forbi skogbeltet, til nakne, vindskurte vidder, gjennom kløfter og skar, forbi blenkjande vatn og opp på toppar med vide utsyn. I det fjerne kan du sjå båtane på fjorden, levande bygder, kulturlandskap og naturlandskap. Kanskje ei ørn som flyt på vinden, kanskje ein rypeflokk. Dette er landskap som førebels har vore upåverka av menneskeleg aktivitet, og kanskje vil du i dette riket kjenna på hopehavet med dei vi ein gong var. Skapningar som levde i naturen og var ein del av han, som hausta av naturens overflod og elles let han vera i fred.

Vi har gjort oss til herrar over alt dette, og i den relativt korte perioden som ligg mellom mennesket som veidemann og mennesket som utbyggjar, har vi sett sjølve skaparverket på spel. Vi veit ikkje kor mykje meir kloden toler før han kollapsar.

I fjella våre planlegg utbyggjarane massive inngrep. Myr skal bli til veg, toppar skal skytast flate, vatn skal fyllast med stein. Økosystem kjem til å bli øydelagde, ørna kjem til å bli slått i hel, hjort og rev og hare kjem til å bli jaga på flukt, viktige naturtypar kjem til å bli skotne sund, naturmangfaldet kjem til å bli kraftig redusert.

Nei, vi er ikkje ignorante om klimatrugsmålet, men for oss er det enkel logikk at vi ikkje kan reparera øydelagd natur ved å rasera endå meir natur. Naturen og naturmangfaldet må vera ein del av klimaløysinga. Så er det mykje vi heller kan gjera enn å  øydeleggja fjella våre for alltid. Vi kan spara straum, oppgradera eksisterande vasskraftverk, byggja effektive småskala vindparkar i byane, kle taka våre med solceller, og vi kan setja vindmøllene våre på havet.

Les og:

Somme vil sikkert fortelja deg at det er altfor dyrt å setja vindmøller på havet. Veit du, Mark Zuckerberg, at det berre er éin grunn til at det er billig å byggja vindmøller på fjella våre. Det er fordi verdien av naturen vår er sett til null. Er det ikkje underleg at noko som er så dyrebart for dei ville dyra, først og fremst, men også for det norske folk og vår måte å leva på, ikkje skal ha nokon verdi? Naturen vår, som utlendingane kjem langvegs frå for å oppleva, og som betyr så mykje for oss som turistnasjon, i dag og i framtida, aktar vi så lite på at vi meiner vi like godt kan byggja han ned.

Vi som sender deg dette brevet, forstår det ikkje. Det gjer heller ikkje dei fleste av dei som aktivt brukar fjella. Sameleis er det med reiselivsnæringa.

Vi har tillit til at heller ikkje du, Mark Zuckerberg, etter ein guida tur med oss i desse fantastiske fjella våre, vil sjå noka fornuft i å rasere desse naturområda. Heilt gratis skal vi ta deg med. Om du vil gå i éin eller fleire dagar, er opp til deg. For oss er saka så viktig at vi gjerne set av ei veke eller meir for å visa deg mangfaldet, variasjonen og dei enorme rikdomane som fjella våre gøymer. Det er rikdomar som vi gjerne vil gi vidare til komande generasjonar.

Fjella er ein del av vår kulturelle arv, ein del av vår identitet. Vi eig dei kanskje ikkje i juridisk forstand, men vi kjenner oss alle som eigarar likevel. Slik kan vi sitja på ein fjelltopp og sjå utover eit landskap som er urørt like til fjorden og tenkja at «alt dette er mitt».

Kjem du hit, Mark Zuckerberg, skal du òg få ta del i denne kjensla av å vera det rikaste mennesket på jorda.

Helsing Bergen og Hordaland Turlag

Annonse