Vinteraktivitetsdag 9.mars - blir du med som frivillig?

Både voksne og yngre frivillige krefter er knall!
Både voksne og yngre frivillige krefter er knall! Foto: Fredrik Kaada

Ønskjer du å bidra til flotte, nye naturopplevingar for masse folk? Vere med å gjennomføre eit stort vinterarrangement på Kvamskogen 9.mars? 

Vinteraktivitetsdagen arrangerast med mål om at barnefamiliar med minoritetsbakgrunn og andre som gjerne har lite erfaring med vinteraktivitet skal få prøve mange kjekke aktivitetar i trygge omgivelser.

Oppgåver vi ønskjer hjelp til av frivillige er bussansvarlege frå byen, fotograf, opprigg/nedrigg, grillmestere, folk som kan hjelpe til med skigåing og i akebakken. Og fyrst og fremst sørge for god stemning og mange flotte opplevingar for alle deltakarane! Du treng ikkje ha tidligare erfaring i DNT eller turlederkurs for å vere med som frivillig denne dagen.

Dette er ein veldig kjekk dag å vere med på, og det plar å vere stor etterspørsel blant deltakarar på å få vere med. Ta gjerne med tanter, onkler, barn, venner og besteforeldre til å vere med også! 

Meir info om arrangementet her. Sjå flotte bilder frå fjorårets arrangement under.


Meld deg som frivillig til arrangementansvarleg Sigrid Kvåle Myksvoll:

E-post: sigrid.kvaale.myksvoll@dnt.no

Tlf: 553 35 815