Frå overvektig nikotinslave til fjellgeit på Pacific Crest Trail

Lise Viken på Pacific Crest Trail, ved Sierra City i nord-California
Lise Viken på Pacific Crest Trail, ved Sierra City i nord-California Foto: Lise Viken

Lise Viken har gått lengre enn folk flest for å endre livet.

Det første oppgjeret var med røyken

Lise Viken gjekk sundagstur med familien i barndommen. I det vaksne livet vart prioriteringa annleis. Bakkane vart for tunge for Lise, ho røykte og mosjonerte lite. Det var då ho fann ut at ho ville ta eit oppgjer med seg sjølv. Ho stumpa røyken nyttårskvelden.

–  Det var mitt 40. år. Eg tenkte at no måtte eg leggja om til eit sunnare liv. Livet som røyker og i dårleg form hadde ikkje mykje rom for friluftsliv. Eg klarte å stumpe røyken, men då raste kiloa på. Eg vart stor, tung og strevde i motbakkane. På det meste vog eg 110 kilo! Det var då eg byrja å planleggja fjellturar, først i det små, deretter lengre turar i høgfjellet, fortel Lise.

Ho hadde lese boka «Wild» av Cheryl Strayed. Cheryl vart frå seg av sorg då ho 22 år gammal mista mora, men klarte å redde seg tilbake til livet ved å gå tre månader i fjellet på Pacific Crest Trail (tur på 4270 km frå Mexico til Canada langs vestkysten av USA, red.anm.).

Det var den turen Lise ville gå.


Lise Viken i Stølsheimen, like ved Storavatnet.
Lise Viken i Stølsheimen, like ved Storavatnet. Foto: Lise Viken

Dei første skritta

– Eg byrja treninga med å gå gjennom Stølsheimen. Første turen opp frå Dyrkolbotn var lang og tung. Då eg kom opp i høgfjellet, var eg ikkje førebudd på all snøen og det dårlege veret. Den andre dagen gav eg opp av tryggleiksmessige årsaker, og gjekk ned til Storavatnet og følgde anleggsvegen ned mot E39, forklarar Lise.

Ettar å ha torka og kvilt ut tok ho toget til Geilo og fortsette vidare innover Hardangervidda.

Gjekk i fjella aleine

– Det var ein del av prosjektet mitt å berre gå aleine, men eg var innom hyttene på vegen. Der kunne eg kjøpe ein brus og ein bit sjokolade. Det var alltid morosamt å møta folk og få ein god prat. Men den lange sosialiseringa på hytta stod eg over. Eg lå heller i teltet. I starten var eg redd. Då eg høyrde dyr utanfor teltet, trudde eg det var bjørn. Men som regel var det berre sau, og eg tenkte at om det kom rovdyr ville dei ta sauen før dei tok meg. Såleis vart eg tryggare på meg sjølv, og at det ikkje er farleg å gå i fjella aleine. Eg vart betre til å orientera og å finna fram ved hjelp av kartet, minnest Lise.

Det vart eit sunnare liv. Lise la om til ganske sunn mat, og kiloa, som ho hadde for mange av, forsvann medan ho gjekk. Ettar sommaren var mykje av overvekta slanka bort.

Pacific Crest Trail i sør-California.
Pacific Crest Trail i sør-California. Foto: Lise Viken

Pacific Crest Trail

Draumen var framleis å koma til Pacific Crest Trail.

– Eg hadde vore mykje i USA, så no ville eg tilbake og følgja i Cheryl Strayed sine fotefar. Ettar å ha samla nok turerfaring frå dei norske høgfjella, pakka eg telt og sekk. Sierra Nevada er høgare enn dei norske fjella. Dei kan ha 30 varmegradar om dagen, medan nattetemperaturen kan falle ned til fem grader.

Ho klarte å gjennomføre sin store draum: å gå Pacific Crest Trail.

– Eg er stolt over å ha lukkast med turen, sjølv om eg måtte droppa delar av Sierra Nevada på grunn av snø og vanskelege tilhøve, seier Lise.

Turen vart dokumentert i bloggen og boka hennar «Pacific Crest Trail – 150 dager på fottur i USA».

Ein god inspirator

Lise vart aktiv i Turlaget, der ho tok turleiarkurs og byrja leia turar for Turlaget.

Sjølv om det er få av dei som vil endra levemåten som driv det like langt som Lise, er det ingen tvil om at historien til Lise er ei viktig inspirasjonskjelde for alle som vil opna nye dører. Nye dører til læring om å klare seg på eiga hand, nå sine mål og få nye turvener.

Annonse

Skrevet av Thorbjørn Kaland 7. juni 2019