Pangstart for ny turgruppe i Nordhordland Turlag

Flott område ved Nesvatnet på Manger
Flott område ved Nesvatnet på Manger Foto: Sigrid Kvåle Myksvoll, Bergen og Hordaland Turlag

Søndag 5.mai kom rundt 285 personar for å delta på Nordhordland Turlag sitt opningsarrangement i forbindelse med prosjektet og den nye turgruppa «Klart det går!». For ein start!

Prosjektet har som mål å få enda fleire folk med ut i naturen, med fokus på personar med nedsatt funksjonsevne. Veldig mange tok altså turen til Nesvatnet på Manger denne søndagen – klare for aktivitetar som turløype, kano, kajakk og ridning. Det var også grilling på bålpanner og smaksprøver på strilekaker. Prosjektet fekk rett og slett ein skikkeleg pangstart!

Det krevst mykje innsats for at slike arrangement skal gjennomførast. Nordhordland Turlag takkar samarbeidspartnarar Sparebanken Vest, Radøy kommune, Austrheim IL, Stend VGS, Radøy Rideskole og Bocciagruppa ved Manger IL. Ikkje minst sørga 35 store og små frivillige for at arrangementet var mogleg å gjennomføre.

Dette gjekk over all forventing. Eit flott turvær og så mange som kom! Janne Merete Risnes, ein av initiativtakarane

Målet for arrangementet var å forankre dette nye tilbodet i kvar av dei sju kommunane.

Alle ønskast velkomen til vidare utforming, planlegging og infomøte den 4.juni på Dampen i Knarvik.

Følg Klart det går i Nordhordland framover, og Bergen og Hordaland Turlag si satsing DNT Tilrettelagt.