Opplev Vossamarsjen

Turmarsjen går på den 20 km lange stien over Gråsida. Fjellandskapet en går gjennom denne dagen er vilt, vakkert og varierende.
Turmarsjen går på den 20 km lange stien over Gråsida. Fjellandskapet en går gjennom denne dagen er vilt, vakkert og varierende. Foto: Reidun Tveito

Sundag 1. september arrangerer Voss Utferdslag Vossamarsjen.

Vossamarsjen går på den 20 km lange stien over Gråsida, eit høgfjellsplatå 1000–1350 moh., omkransa av bratte, skogkledde lier i nord og aust. Den mest kjende turistattraksjonen på turen er Timaglaset, ein stor steinblokk som balanserer på ein hjørnespiss. Turmarsjen er utan tidtaking. Turstart frå Hodnaberg på den T-merka ruta via Torfinnsheim–Timaglaset–Gråsidetoppen–Roset, med målgang på Gjelle. Fjellandskapet ein går gjennom denne dagen, er vilt, vakkert og varierande. Frå Hodnaberg gjennom bjørkelier, over lyng og snaufjell tilbake mot Voss. Høgfjellsmarsjen har fem bemanna sjekkpunkt, men alle må sjølv ha godt med nistemat og drikke og klede i sekken. Ved målpassering vert det varm mat og drikke til alle, og alle deltakarane får òg Vossamarsj T-skjorte etter gjennomført tur. I tillegg vert flotte premiar trekte på startnummer.

Praktisk info

Transport til startpunkt Hodnaberg frå Vangen, Holbergplass ved Park Hotel, med buss kl. 07.30 og 08.30 (tog frå Bergen inne kl. 08.09). Retur buss frå Gjelle til Vangen, Holbergplass ved Park hotel, kl. 17.00 og 19.00. (Tog til Bergen går kl. 17.40, 18.39 og 19.37.)

Startkontingent: Medlem / ikkje medlem: 300,-/450,- (born halv pris til og med 15 år).

Annonse