Vinnarar av TiTur19 er kåra!

Vinnerbilde TiTur19
Vinnerbilde TiTur19 Foto: Eli Myrmel Haukås

TiTur19 er over for i år, og vi har kåra heldige vinnarar og årets bilde!  

Fleire hundre personar besøkte alle dei 10 turane! Turmåla blir kvart år lagt til fine stader både vest, aust, nord, sør og sentralt i Bergen kommune. Slik får deltakarane bli kjent med mange ulike stader i nærområdet, og mange besøker turmål dei aldri har vore før. Mange har delt bilder på instagram med emneknagg #titur19. Kvart år kårar vi årets bilde, og i år vant Eli Myrmel Haukås med eit flott og sprettent bilde! Bildet vil pryde neste års utgave av TiTur!

TiTur19 bidrar til høg eigenorganisert aktivitet. Over 4500 turar har blitt gått mellom april og oktober i år.

Alle som har besøkt dei ti turmåla har mottatt eigen TiTur-brettekopp i premie. I tillegg har dei vore med i trekninga om flotte ytterjakker frå Bergans. Følgande personar blei heldige vinnarar i år:

- Johnny Stiansen

- Sølvi Helene Møinichen

- Lars Holstad Ulvund


Nytt av året i fjor var premiering for flest innsjekk. I fjor blei vinnaren kåra med 47 innsjekk, i år hadde vinnaren heile 126 innsjekk! Utruleg imponerande av John-Helge Wergedahl! 

Hovudpremien er alle flotte turopplevingar folk har fått på vegen! Premiering i form av flotte jakker er også stas, og vi gratulerer alle vinnarar! Vi håpar jakkene blir flittig brukt under TiTur20.


DNT Nærmiljø Bergen, med sitt eige utvalg står bak TiTur-konseptet. Med sin flotte frivillige innsats legg dei til rette for mange gode naturopplevingar; Barbro Sundal, Turi Gjengedal, Jonny Lie og Lars Pesch.

Takk til Bergen kommune for støtte til gjennomføringa.

Vi takkar for engasjementet og ønskjer deg velkomen til å bli med igjen! TiTur20 startar 1. april 2020


Under ser du nokre bilder fra årets TiTur. Du finn alle på instagram med emneknagg #TiTur19