7-fjellsturen på NRK på søndag

Ulriken.
Ulriken. Foto: Aleksander Wiken

Søndag morgon klokka 06.00 blir programmet «7-fjellsturen - fjell for fjell» lagt ut på NRK TV. 

Vi kan ikkje gå 7-fjellsturen på søndag slik som planlagt, men vi kan sjå programmet «7-fjellsturen - fjell for fjell» som blir sendt på søndag. (linken er aktiv frå søndag 31.5. kl 06:00) Programmet er sju timar langt.

Prosjektet starta med fotograf, redigerer og bergensar Petter Goga. Han er ein ivrig mosjonist som spring maraton og går mykje i fjellet. Han hadde lyst til å dele 7-fjellsturen med folk som ikkje får gå den, anten fordi turen er utsett, eller fordi dei av ulike grunnar ikkje kan gå turen sjølv. Petter fekk idéen etter at han vinteren 2018 laga programmet «Vidden, steg for steg».

Leiinga i NRK ga tommel opp for idéen, og dei to finaste dagane i april la Petter ut på tur med ein kamerarigg på 15 kg. Han brukte eit steadycam med gimball, så biletet blei stødig og fint. Den fyrste dagen gjekk han dei tre fyrste fjella, den andre dagen tok han dei fire siste. Petter gjekk på dagtid for å møte færrast mogleg, pga smittesituasjonen, men han møtte likevel turfolk på vegen, så du kan sjå fleire friskusar i programmet. I mai gjorde NRK droneopptak og no er programmet ferdig.

Sjå «7-fjellsturen - fjell for fjell» her

(aktiv link frå søndag 31.5 kl 06.00)

Sidan programmet ikkje går live, blir det ikkje lagt opp til chatting og interaksjon på sosiale medier. Men kanskje folk kan gå på tredemølla medan dei ser programmet?

God interaktiv tur!

Se bilder då NRK gjorde opptakene over dei 7-fjell

Annonse