Ny storstue på Fonnabu med utsikt over Folgefonna

Turleiar Anne Kari Enes er glad for å vise fram den nye storstua på Fonnabu Turisthytte.
Turleiar Anne Kari Enes er glad for å vise fram den nye storstua på Fonnabu Turisthytte. Foto: Helene Ødven

Laurdag 27. juni arrangerte Kvinnherad Turlag fellestur langs den historiske vandreruta Turistvegen over Folgefonna. Turen går frå Sundal i Kvinnherad til Fonnabu Turisthytte, over Folgefonna og deretter frå Holmaskjer Turisthytte ned til Odda i Hardanger. Det var ekstra kjekt å kunne kome fram til eit nytt tilbygg som no på folkemunne blir kalt Storstua på Fonnabu. Her kan ein sitte og nyte ei fantastisk utsikt over Folgefonna. På gode dagar ser ein solnegangen i havet. 

Kyndige turleiarar med Anne Kari Enes og Harald Håland frå Kvinnherad Turlag inviterte til den første offisielle fellesturen til nye storstua på Fonnabu med markering av sommaropning av hytta. Deltakarar frå heile Sør-Noreg fekk ei opplevinga av dei sjeldne. Laurdag gjekk turen frå Sundal i Kvinnherad opp t-merka sti som i 2017 vart utnemnt som Historisk vandrerute av Riksantikvaren og DNT. Namnet på ruta er Turistvegen over Folgefonna, og peikar tilbake på historia frå slutten av 1800-talet då dette området og breen var eit ynda turmål for rike europerar. Turen gjekk den gongen med hest og slede over breen og tok ofte 8 timar. 

Dekka til sommeropning i Fonnabu si nye storstue med utsikt over Folgefonna.
Dekka til sommeropning i Fonnabu si nye storstue med utsikt over Folgefonna. Foto: Helene Ødven

Vel framme på Fonnabu turisthytte satte vi i gang med oppvarming av rømmegraut. Grauten hadde blitt flydd opp til hytta i samband med dugnaden to veker før. Saman med grauten var det servering av både spekemat og kringler. Eit måltid i himmelen vart det sagt. Det må ha vore heilt i nærleiken bokstavleg tala. 

Sommaropning på Fonnabu med rømmegraut og spekemat.
Sommaropning på Fonnabu med rømmegraut og spekemat. Foto: Helene Ødven

Fleire foreiningar i DNT har fellesturar med breførar over Folgefonna på programmet. Folgefonni breførerlag kan også føre dei som ikkje er kyndige sjølve over breen. Ta kontakt med 95117792 eller post@folgefonni-breforarlag.no. Hugs at alle må booke seng i forkant i år. Gå inn på www.ut.no på den aktuelle hytta og finn link til booking. Holmaskjer Turisthytte har også booking denne sesongen. 

Historisk vandrerute Turistvegen over Folgefonna. Her frå turen ned til Odda i Hardanger.
Historisk vandrerute Turistvegen over Folgefonna. Her frå turen ned til Odda i Hardanger. Foto: Helene Ødven

Annonse

Skrevet av Helene Ødven 2. juli 2020